Pål Koren Pedersen sa at Venstre er glade for at fleirtalet vil auke sosialhjelpsbudsjettet med 1 million kroner, altså eit tillegg på kr 400 000 frå fleirtalets opprinnelege forslag. Vidare sa han seg glad for at Venstres forslag om å gi fylkeslaget av Norsk forbund for utviklingshemma kr 30 000 til Solmo-hytta på Vegårshei, og han bad om at bystyret kjem tilbake til auka støtte til toppidretten og biblioteket så fort som mogleg.
Venstres budsjettforslag er mindre ekspansivt enn dei andre forslaga, men Venstre støttar fleirtalsforslaget når det nå er kome inn meir hjelp til dei som treng det mest – dei som treng auke i sosialhjelpsatsane.
Her er Venstres budsjettnotat som ligg til grunn for støtta til fleirtalsvedtaket.