Vidare ønsker Venstre å gi 30 000 til Solmo-hytta som fylkeslaget i Norsk forbund for utviklingshemma har på Vegårshei, styrke skole- og omsorgsbudsjettet rådmannen har lagt fram, og støtte lag og foreninger med ein million ekstra. For å finansiere dette vil Venstre blant anna redusere politikargodtgjerslene og auke parkeringsinntektene på gateplan i sentrum. Venstre foreslår – som tidlegare år- å redusere nivået på politikargodtgjerslene med 15%, og å utvide betalingstida ute i sentrumsgatene til kl 2200 for å få parkering inne i parkeringshusa framfor masse unødvendig og forureinande bilkøyring rundt i sentrum for å leite etter gratis plass.
Venstre er skeptiske til å rekne med så store ekstra tilskot frå staten som posisjonen gjer, og har laga budsjett i balanse med 7 millionar ekstra inntekter i staden for 16 millionar ekstra.
Venstre er også uroleg for det høge investeringsnivået fleirtalspartia legg opp til, og ber partia vurdere nøyare om det er grunnlag for å sette igang så mange nye tiltak før Stuenes og Roligheden skolar er finansierte og ferdig bygd.
Her er Venstres primære budsjettforslag, eit forslag som har økonomisk ansvar, sosial profil og samarbeidsvilje som gjennomgangstone.
Før bystyremøtet vil Venstre forhandle med posisjonen for å få størst mogleg gjennomslag for Venstres forslag, med størst prioritet for 400 000 kr meir i sosialhjelp enn fleirtalspartia foreslo i formannskapet, styrking av biblioteket med 500 000, støtte til toppidretten med 400 000 og støtte til NFU-hytta Solmo. Venstre har stor sans for retninga i budsjettforslaget frå fleirtalspartia, eit budsjettforslag som ligg mykje nærmare Venstres politikk enn fleirtalspartias valprogram og argumentasjon i valkampen kunne tyde på.