Byrådet hindrar køprising

Venstre har sikra fleirtal i fylket for køprising i Bergen. Diverre er ikkje byrådet med på notane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstres fylkesvaraordførar Mona Hellesnes møtte i dag representantar frå byrådet saman med fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) for å kome til einigheit om tiltaksplanen for utløysing av belønningsmidla på 550 millionar kroner til kollektivtransporten. Forhandlingane enda ikkje slik Venstre hadde håpa.

– Byrådet si innbitte motstand mot køprising er skuffande, men ikkje overraskande. Sia Venstre fekk fleirtal i Fylkesutvalet for køprising i fjor har byrådet vore bremseklossen. Men fylkeskommunen har ikkje og skal ikkje ha rett til å overkøyre lokaldemokratiet. Er byrådet mot, så er byrådet mot, og må ta konsekvensane av det, seier Hellesnes og viser til at NO2-nivået over Danmarksplass nådde gult nivå så seint som i morgenrushet same dag.

Skuffa over KrF
Hellesnes minner om at det i utgangspunktet er fleirtal for køprising både i Bergen og i fylket. At KrF gjekk til val på å innføre tiltaket ga fylkesvaraordføraren og gruppeleiaren eit lite håp om at byrådet ville ta til fornufta, men slik gjekk det ikkje.

Resultatet er at tiltaksplanen blir gjeve departementet slik han opphavleg lå føre frå fylkesrådmannen. Denne inkluderer ein forpliktande auke i bompengane for å finansiere kollektiv- og samferdsletiltak og for å redusere trafikken tilstrekkeleg til å kome krava for belønningsmiddel i møte, men altså utan tidsdifferensiering av desse.

– Fleirtalsvedtaket i Fylkesutvalet viser samstundes at Venstre og fylkeskommunen er klare til å innføre køprising i den augneblinken minst eitt av byrådspartia snur. I klårtekst inneber det at så snart Bergen KrF stemmer for det dei gjekk til val på, får vi køprising i Bergen, avsluttar Venstres gruppeleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**