Fylkeskommunen går for køprising

Venstre fekk tilslutnad for forslaget om å tidsdifferensiere bompengane i Bergen, og fylkeskommunen vil forhandle med byrådet for å få dette inn i tiltaksplanen for belønningsmiddel.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trafikk, vei, kø

Foto: Microsoft

Fylkesutvalet gjekk tirsdag inn for formuleringa “å styrke tiltaksplanen gjennom å ha med tidsdifferensierte bompenger som eit av tiltake, og ber fylkesordføraren og -varaordføraren forhandle med Bergen kommune om å få dette inn i handlingsprogrammet. Fører forhandlingane fram blir dette ein del av tiltaksplanen. Fører dei ikkje fram, sluttar fylkesutvalet seg til den framlagte tiltaksplanen.” Forslaget blei opphavleg fremja av Venstres medlem i Fylkesutvalet og varaordførar Mona Hellesnes.

Tiltaksplanen er ei vidareføring av avtalen som blei inngått mellom kommunen, fylkeskommunen og Samferdsledepartementet i juni i år. I denne har ein forplikta seg til at kommunen og fylkeskommunen innan utgongen av 2011 skal kome til einigheit om ein strategi for å redusere trafikken i bergensdalen, for å utløyse belønningsmiddel på 550 millionar kroner til Bybanen, øvrig kollektivtransport, og fleire og betre gang- og sykkelvegar.

Sidan Venstre fekk gjennom eit vedtak om innføring av køprising i Fylkesutvalet i 2010, har byrådet sin motstand mot tiltaket vore den einaste sperra mot innføringa. Vi vil difor no gå i forhandlingar med byrådet i samband med tiltaksplanen med sikte på eit fleirtalsvedtak for køprising i både kommunen og fylkeskommunen.

Venstres overordna og programfesta mål er eit godt utbygd og framtidsretta kollektivsystem, og vi vil gjere Bybanen til hjørnesteinen i kollektivsystemet og leggje til rette for mindre bilbruk i bergensregionen. For å nå dette målet vil Venstre sikre at avtalen om belønningsmiddel blir følgt opp til å finansiere naudsynte investeringar i kollektivtransporten. Vi vil arbeide for ein sameina og gjennomførbar plan, der tidsdifferensiering av bompengane er eit av fleire tiltak for å utløyse belønningsmiddel. Vi forventar byrådet er mottakelege for gode argument.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**