Budsjettarbeid i gang!

I går hadde kommunestyret eit orienterande møte om budsjettsituasjonen i Voss kommune. Det var alt anna enn eit muntert foredrag det nye kommunestyret fekk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Situasjonen har gått ifrå vond til verre over fleire år. Det er ein realitet. Held ein dagens kostnadnivå dei næraste åra og kombinerar dette med framhaldande underfinansiering frå staten si side, og framhaldande løns- og pensjonsvekst, vil eit budsjettunderskot på ca. 30 millionar i år berre bli verre frå år til år.

Ca. 30 millionar i år er med andre ord ingenting imot det som ventar om politikarane ikkje gjer noko. Difor utfordrar den økonomiske situasjonen i kommunen politikarane til handling. Me har ikkje tid – eller råd – til korkje venstreradikal lykketenking eller høgrepopulistisk vås. Dagens dramatiske situasjon utfordrar oss til å tenkje tverrpolitisk framføre skillelinja posisjon – opposisjon. Desembermøtet vil visa kven som er klar til å møta den utfordringa.

Venstre er førebudde til å vera med og ta eit politisk ansvar for den krevjande økonomiske situasjonen i Voss kommune. Dette utfordrar partia i posisjon til å invitera oss til å ta eit medansvar, men det utfordrar dei også til å gje oss politisk gjennomslag i slike forhandlingar.

Stetoskop, helse, medisin, sykehus

Foto: Microsoft

I neste formannskapsmøte(21.11) vil Venstre gjera greie for nokre av dei tiltaka me ser for oss må til for å demma opp for budsjettunderskotet i denne omgang, men også for dei neste åra. Kortsiktig tenking ikring eit veksande budsjettunderskot vil ikkje vera riktig medisin denne gongen. Spesielt når me veit at diagnosen ikkje vert lysare. Ja, kanskje me skal innrømma at det berre er god gammaldags hostesaft som fungerar, for ein gongs skuld?

Om nokon har innspel til Venstre, eller vil ha meir informasjon om situasjonen, kan dei ta kontakt med anten gruppeleiar Torstein Gunnarson pr. e-post: [email protected] , eller telefon 91171590. Eventuelt kan de ta kontakt med underteikna pr. e-post: [email protected], eller telefon 41206132.

Mvh.

Knut Olav Nestås
Referent og vikarierande gruppeleiar

Venstre logo liggende

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**