det nyvalte kontrollutvalet i Aust-Agder fylkeskommune. Venstre bad om at sak om åpning av kontrollutvalsmøta kjem opp i neste møte 7. mars, og heile kontrollutvalet støtta Venstres initiativ.
Jan Kløvstad viste både til dei vedtatte etiske retningslinjene for fylkeskommunen og til Kontrollutvalsboka (side 71-72). – Venstre har etter kvart fått med alle parti på Stortinget i å tilrå åpne kontrollutvalsmøte, og det er ingen grunn til at Aust-Agder fylkeskommune skal forseinke denne positive utviklinga. Kommunal- og regionaldepartementet arbeider nå med konkrete retningslinjer, og det er ingen tvil om kva konklusjonen vil bli.
Venstres forslag er at kontrollutvalsmøta blir åpna frå møtet 28. mars kl 0900, – for første gong i fylkeskommunens historie.