Interpellasjon om papirlause – Dei svakaste i samfunnet

Venstres Geir Angeltveit tar opp situasjonen til dei ureturnerbare og statslause som bur i Stord kommune. Dei såkalla papirlause. Den raudgrøne regjeringa har innført innstrammingar overfor personar som har fått endeleg avslag på sin søknad om arbeids- og opphaldstillating, sjølv om desse vert i Noreg grunna forhold i heimlandet, samt mangelen på returavtalar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Angeltveit ba i ein interpellasjon om at Stord gjera det sama som Trondheim og Stavanger, å be regjeringa om at menneske i denne situasjonen kan arbeida lovleg og betala skatt inntil vidare.

 Geir Angeltveit. Kommunestyrerepresentant i Stord Kommune.

Geir Angeltveit. Kommunestyrerepresentant i Stord Kommune.
Foto: M. Fischer

«Det er ingen i samfunnet som tenar på at migrantar sit på asylmottak og stirar i veggen. Venstres tanke om at arbeid alltid skal løna seg gjeld også her. Medan ein avventar endeleg heimreisedato er det bra både for samfunnet og personane det gjeld at dei får lov å arbeida. Slik kan dei skaffa seg noko erfaring, kapital og kunnskap som dei kan ta med seg attende. Mellombels vert dei integrert i eit samfunn dei uansett må forholda seg til inntil vidare.» seier Geir Angeltveit.

Regjeringa har innført innstrammingar som fyrst og fremst består i å ikkje utsteda skattekort for 2011. Dermed har mange mista jobbane sine og blitt fråteken moglegheita til å forsytata seg sjølv. Mange har no forlatt arbeidslivet og jobbar innan transport, reinhald og andre viktige samfunnsoppgåver. Dei har mista inntektsgrunnlaget sitt og må flytta frå bustadane fordi dei ikkje maktar å betjena lån, eller betala leige. Gruppa er så og sei utan rettigheitar til naudsynt helsehjelp, sosialstønad osb.

Slik me ser det må det vera andre måtar å venta på ei utkasting på enn å verta fråtatt moglegheita for arbeid, og dermed ta økonomisk ansvar for eige liv. Ei utkasting er eit statleg ansvar, ikkje kommunalt. Venstre vil difor at Stord kommune skal be Regjeringa vurdera moglegheita for å gi denne gruppa midlertidig

 Det er ikkje alltid lika enkelt å veta kor ein skal senda folk. Og kven som bør få bli, eller verta sendt vekk.

Det er ikkje alltid lika enkelt å veta kor ein skal senda folk. Og kven som bør få bli, eller verta sendt vekk.
Foto: Tore Rykkel

arbeidstillating, slik at skattekort kan utskrivas. Et slikt tiltak vil betra livssituasjonen til mange personar berre på Stord. Ikkje minst av omsyn til borna bør den statlege politikken endrast.

“Kommunestyret ber regjeringa leggja forholda til rette for at papirlause migrantar kan arbeida lovleg og betala skatt inntil kjent utreisedato. Kommunestyret ber regjeringa syta for at papirlause flyktningar mottar naudsynt psykisk og fysisk helsehjelp.” er forslaget frå Venstre avsluttar Angeltveit.

På Stord har ein eit titals antal menneskjer som er i denne situasjonen. Dei mottek, ulovleg, helsehjelp frå Bymisjonen. Kommunen og desse individa har det ikkje godt med ei slik ordning. Ei utsending er statens sitt ansvar, mellombels må kommunen få moglegheita til å gje personane det gjeld eit eller anna tilbod, så ein ikkje sit og stirrar i veggen på eit asylmottak. At desse personane vert utnytta som svart arbeide eller anna, kan ein berre tenkja seg. Kommunane og personane må ikkje råkast fordi det nasjonala systemet er utilstrekkeleg.

– Ein tok ei prøvevotering på møtet, det enda med at Venstre, SV og KRF røysta for, 2/3 i SP røysta for og 1/10 frå AP røysta for. Av i alt 35. Det endte då med at ein trakk forslaget for eventuel seinare behandling.

Debatten kan sjåast på kommunens nettstad, her. 03.11.11

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**