Vil kutta «Statens» i vegvesenet

Hordaland fylkeskommune bør ta initiativ til å få endra namnet Statens vegvesen til Vegvesenet, føreslo Harald Hove (V) då fylkestinget for perioden 2007-11 hadde siste møtet sitt 18. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Harald Hove 3

Foto: Kari Østervold Toft

Hove trekte fram at etter forvaltingsreforma per 1.1.2010 er storparten av riksvegane no fylkeskommunale. Statens vegvesen er i dag såkalla sams vegadministrasjon for staten og fylkeskommunane.

Harald Hove (V) meiner det er på tide å endra namnet Statens vegvesen til Vegvesenet.

Når no storparten av vegane er fylkeskommunale, så er det god grunn til å døypa om den store etaten til berre «Vegvesenet», meinte Hove.

Fylkestinget tok ikkje stilling til innhaldet i forslaget frå Hove, men vedtok samrøystes å senda det over til samferdselsutvalet og fylkesutvalet. Saka går dermed til desse utvala i den nye valperioden 2011-15 — som nett er starta.

Harald Hove (V) meiner det er på tide å endra namnet Statens vegvesen til Vegvesenet.

Les heile saka her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**