Ruspolitikk på dagsorden

Ulstein formannskap meiner inndraging av skjenkjeløyve i julebordsesongen vil svi så hardt at dei delte straffa i to: før og etter nyttår. Berre Pål Midtsæther Grødahl (V) stemte imot.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Saka har vakt stor merksemd i Ulstein kommune, med leiaren, oppslag og lesarinnlegg i lokalavisa Vikebladet Vestposten (VV). Mange er einige med Grødahl og synes politikarane er feige. Redaktør i VV, Asle Geir Widnes Johansen, meinar vedtaket i formannskapet “nærmar seg ein liten skandale”. Ein lesar skriv at “At det vil svi for mye under julebordstida, det er (unnskyld uttrykket) det største pisspreiket jeg har hørt”.

Brudd på ruspolitisk handlingsplan
Pål Midtsæther Grødahl selv er mer nøktern i sin reaksjon, men håper noen vil klage på vedtaket. Han mener også at vedtaket er ett brudd på den ruspolitiske handlingsplanen.
– Planen opnar ikkje for utsetjing av inndragning av skjenkeløyvet. Heller ikkje for å dele opp perioden i to, seier Grødahl til Vikebladet Vestposten.

Sjølv vil ikkje Grødahl klage på vedtaket men han håpar andre i kommunestyret vil nytte seg av § 59 i Kommunestyrelova. Paragrafen sei at tre eller fleire medlemmar av kommunestyret (eller fylkestinget) kan saman klage på vedtak som folkevalde organ i kommunen eller fylket har gjort. Grødahl meiner ein ikkje kan ta for lett på sosiale omsyn, dette handlar om å gje ungdomane våre eit trygt sentrum å ferdas i, då må skjenkestadene rette seg etter lova.
– Kjem det ei klage, håpar eg formannskapet gjer eit vedtak som samsvarer med rusmiddelpolitisk handlingsplan, seier Pål Midtsæther Grødahl til Vikebladet Vestposten.

Kjelde: Vikebladet Vestposten/Ingvild Aursøy Måseide

Du kan lese saka i Vikebladet Vestposten her: http://www.vikebladet.no/nyhende/article391312.ece

[eksternlink#http://www.vikebladet.no/nyhende/article391312.ece]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**