Venstre i utval på Voss

Voss kommunestyre hadde konstituerande møte 20. okt. I tillegg til ordførar og varaordførar blei nokre utval valde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ap, SPm SV og R fekk fleirtal ved valet i Voss, om enn med mindre margin enn tidlegare. Både ordførar og varaordførar kjem derfor framleis frå Ap og SP. Ved varaaordførarvalet fekk Torstein Gunnarson frå Venstre 19 røyster, mens Sp-kandidaten fek 24.

Etter framgangen frå 3 til 5 repr. i kommunestyret fekk Venstre ein representant med eiga varar.liste i kvart av dei 4 hovudutvala. I formannskapet/utval for plan og økonomi blei vald Torstein Gunnarson, med Knut Olav R. Nestås , Anne-Jorunn Ryum Møen og Rolf Abrahamsen som varar.. Jorunn Ytrefjord er fast medlem i utval for levekår, mens Annlaug Helland, Jostein Vandaskog og Rolf Abrahamsen er varar.. I utval for miljø og kultur er Anne-Jorunn Ryum Møen fast medlem og nestleiar, og har Kolbjørn Blikkås, Erik Røthe Klette og Hilde Klette som varar.. Knut Olav R. Nestås er fast medlem i utval for næring og tiltaksarbeid, med Jostein Vandaskog, Jorunn Ytrefjord og Bjarne Rene som varam..

Bortsette frå nestleiarvervet i Utval for miljø og kultur, tok dei raudgrøne både leiar- og nestleiarverva i utval. Mindretalsgrupperinga; H, V KrF og Frp, fremja kandidatar til nestleiar også i dei to andre utvala, men fekk berre dei “faste” 19 stemmene,

Venstres Audhild Rygg blei medlem av kontrollutvalet med Claus Røynesdal som vara., mens Torstein Gunnarson blei vald som repr. til KS Hordaland. TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**