Temaet for nettverket var Folkevalt for Venstre. Organisasjonsrådgjevar i Venstre, Kjartan Almenning var på heimlege trakter og hadde det overordna opplæringsansvaret i samabeid med fylkesstyret.
Alfred Bjørlo og Gunvald Ludvigsen fortalte om suksessfaktorar til at Eid Venstre gjorde eit suksessval. Sogn og Fjordane gjorde totalt sett eit svært godt kommune- og fylkestingval, og lokallaga fekk høve til å dele sine erfaringar og komme med innspel til fylkeslaget sin valkampevaluering som vart lagt fram av organisatorisk nestleiar Vigdis Tonning.
Stemninga blant lokallaga i fylket er god etter valet og alle har hatt konstituerande kommunestyremøte. Deltakarane var med i ulike gruppesesjonar, samarbeidsnettverk, små kommunestyregrupper, ny i kommunestyret. Om budsjettarbeid og forhandlingar frå posisjon, og alternative budsjett og interpellasjonar for opposisjon.
Det er viktig at veljarane kjenner Venstre att etter valet, og det vart politisk ideverkstad om hovudpunkta miljø, skole, småbedrifter og velferd.
PROGRAM FOR DAGEN:
10:00 Velkommen til Lokalpolitisk nettverk
Presentasjon av deltakarane
10:15 Korleis og kvifor suksess i Eid
10:30 Evaluering av valkampen i Sogn og Fjordane
Runde i plenum med erfaringar
11:30 Venstre frå 2011 til 2013
12:00 Lunsj
13:00 Folkevalgt på Venstre-vis: Venstres ærend
14:00 1. gruppesesjon: Samarbeidsnettverk
Varaordførere og komitéleiare v/Alfred Bjørlo
Små kommunestyregrupper v/Kåre Jarl Langeland
Ny i kommunestyret v/Marianne Øren.
15:00 2. gruppesesjon: Markering og gjennomslag
Fra posisjon: Budsjettarbeid. Forhandlinger. Gunvald.
Fra opposisjon: Alternative budsjetter. Interpellasjoner. Jan Henrik.
16:00 Kaffepause
16:30 3. gruppesesjon: Politisk idéverkstad
Miljø v/Marit Barsnes Krogsæter
Skole v/Odd Bovim
Småbedrifter v/Jan Henrik Nygård
Velferd v/Vigdis Tonning
17:30 Kampanjelansering
Oppsummering og avslutning
18:00 Møteslutt