Til regjeringa om Stad Skipstunnel

Møre og Romsdal Venstre beklagar at det nok ein gong er bedt om ei konsekvensutgreiing — den 18. i rekkja. Vi ber om at denne utgreiinga om eventuelle problem med å treffe tunnelopninga ikkje vil utsetje gjennomføringa av prosjektet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Hurtigbåt

Foto: privat

Vi viser til uttalar som erfarne skipperar på kysten har kome med, der dei mellom anna peikar på at det finst større utfordringar i leia enn å treffe den komande tunnelen i vêrmessig roleg område som Moldefjorden ved Selje og Kjødepollen i Vanylven.

Vi vil òg vise til Dr.ing. Frå NTNU, siv.øk. NHH og senior bedriftsrådgjevari SINTEF Bedriftsutvikling AS, Håkon Raabe sin kronikk i Sunnmørsposten 22.10.2011. I ei heil rekke gode argument for tunnelen, syner han òg til nesten-forliset av hurtigruta Midnatsol i desember 2003. Rein flaks gjorde at totalforlis vart avverga — eit forlis som ville hatt ein samfunnsøkonomisk kostnad på mellom 1,8 og 3,6 mrd kroner. Dette tilsvarar 1-2 Stadt-tunnelar.

Møre og Romsdal Venstre
Representantskapsmøtet
Molde 22.oktober 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**