Tonje Berger Ausland møtte som varamedlem for Marianne Sigurdson Lyngvi, som er på reise. I konstitueringa blei Øystein Haga valt som medlem av fylkesutvalet og Marianne Sigurdson Lyngvi som leiar av kultur- og næringskomiteen.
Andre verv til Venstre i dette første møtet:
Valnemnda – Marianne Sigurdson Lyngvi med Øystein Haga som vara
Samferdsel- og miljøkomiteen: Øystein Haga
Kontrollutvalet: Jan Kløvstad personleg varamedlem for Ragnhild Thomassen, Høgre
Fylkesmøtet i interesseorganisasjonen KS: Øystein Haga, med Marianne Sigurdson Lyngvi som varamedlem
Landstinget i KS: Marianne Sigurdson Lyngvi som varamedlem for Maiken Messel, Høgre.
I det nye fylkesutvalet blei desse valte:
Bjørgulv Sverdrup Lund, Høgre, fylkesordførar
Jon-Olav Strand, KrF, fylkesvaraordførar
Maiken Messel, Høgre
Øystein Haga, Venstre
Kåre Gunnar Fløystad, Senterpartiet
Tellef Inge Mørland, Arbeidarpartiet
Inger Løite, Arbeidarpartiet
Nils Johannes Nilsen, Arbeidarpartiet
Eyolf Bakke, Frp
Medlemene frå Høgre, Kristeleg folkeparti, Venstre og Senterpartiet representerer den nye fleirtalsposisjonen i fylkestinget. Bjørgulv Sverdrup Lund, Høgre, blei valt med 24 stemmer, mens 11 stemte for Tellef Inge Mørland, Arbeidarpartiet. Som varaordførar blei Jon-Olav Strand, KrF, valt med 30 stemmer. Fem stemte blankt.