Bystyregruppa er i arbeid

Pål Koren Pedersen, Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad blei formelt innsett som bystyremedlemer i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Bystyret godkjente valresultatet, valte formannskap, ordførar, varaordførar og ei rekke andre komitear og utval.

Bystyregruppa Cathrine Høyesen Hall, Pål Koren Pedersen og Jan Kløvstad

Bystyregruppa Cathrine Høyesen Hall, Pål Koren Pedersen og Jan Kløvstad
Foto: Rune Sævre

Pål Koren Pedersen er valt som gruppeleiar for Venstre, som medlem i formannskapet, administrasjonsutvalet, valnemnda og komiteen for kultur, miljø og næring.

Cathrine Høyesen Hall er valt som medlem av kommuneplanutvalet/planutvalet, oppvekstkomiteen og utsending til fylkesmøtet i KS.

Jan Kløvstad er valt som nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, første varamedlem til kommunplan/plkanutvalet, andre varamedlem til formannskapet og varamedlem til valnemnda.

Første varamedlem Elin Lunde er valt som medlem av klageutvalet og medlem av representantskapet i Agder renovasjon.

Varamedlem Aslak Skripeland er valt som nestleiar i sakkyndig ankenemnd og varamedlem Dega Abdi Aman er valt som varamedlem i kontrollutvalet.

Også i dei komande bystyremøta blir det fordelt arbeidsoppgåver i denne fireårsperioden. Venstre tok initiativet til eit valteknisk samarbeid med Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet for å sikre at representasjonen i komitear, utval og representasjonsoppgåver er i samsvar med styrkefordelinga i bystyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**