Velkomen til lokalpolitisk samling i Vennesla rådhus 22. oktober

Grimstadordførar Hans Antonsen, fylkesleiar Heidi Foyn Thomassen og kontorsjef Morten Hagen i Venstres Hovedorganisasjon leiar den første lokalpolitiske nettverkssamlinga i perioden 2011-2015 i Vennesla rådhus førstkomande laurdag 22. oktober kl 1100-1800.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Her er detaljprogrammet.

Venstre i Agder gjorde gode val i begge fylka og i dei aller fleste kommunane. Nå har vi 46 folkevalte i 20 kommunar og 4 i fylkestinga. Venstre har ordførar i Grimstad og veraordførar i Lindesnes og Flekkefjord, formannskapsmedlemer i Flekkefjord, Farsund, Mandal, Marnardal, Søgne, Songdalen, Kristiansand, Lillesand, Grimstad, Iveland, Bykle, Arendal og Risør. I begge fylkestinga får vi plass i fylkesutvalet, og i tillegg er Marianne Sigurdson Lyngvi leiar av hovudutvalet for kultur og miljø i Aust-Agder.

I samlinga i Vennesla blir det gjennomgang av viktige politiske arbeidsfelt og arbeidsoppgåver for nyvalte og erfarne folkevalte.

Oddbjørn Hagen

Oddbjørn Hagen
Foto: Jan Kløvstad

Vertskap er Vennesla Venstre, der Venstre kom tilbake i kommunestyret med Oddbjørn Hagen som kommunestyremedlem etter pause i noen periodar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**