Det er enno ikkje for seint å melde seg på, men det byrjar å haste, særleg for den som vil overnatte frå laurdag til søndag. For den som vil vere med berre på dagtid, held det med påmelding innan torsdag/fredag.
Påmelding til Jim Erik på: [email protected]
Vi startar med representantskapsmøte laurdags morgon, “tjuvstartar” på lokalpolitisk nettverk seint laurdags ettermiddag, og brukar heile søndagen til lokalpolitisk nettverk. Dermed skulle det vere råd å vere med berre ein av dagane, og likevel ha godt utbyte av å ha møtt!
Programmet for helga blir slik:
Laurdag 22. oktober representantskapsmøte
09:30 ankomst, innsjekking, registrering
10:00 velkomen v/leiar, Helge Hamre
val av ordstyrarar, redaksjonsnemnd og skrivarar
10:10 oppsummering av valet i fylket v/gruppeleiar Iver Nordseth
10:25 lokallaga fortel om sine erfaringar og resultat frå valet
11:10 Venstre frå 2011 til 2013 v/generalsekretær Terje Breivik
11:25 innleiing til generell politisk debatt v/fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde
11:45 generell politisk debatt
12:20 styret orienterer om innkomne fråsegner
12:30 lunsj
13:00 næringspolitisk debatt med utgangspunkt i Venstre si næringspolitiske plattform: «Verdiskaping for framtidig velferd». Pål Grødahl, leiar i Ulstein Venstre, innleier.
14:30 Handsaming av innkomne resolusjonar
15:00 orientering og debatt kring tema til årsmøte 2012 i Møre og Romsdal Venstre i Ålesund
16:00 avrunding v/leiar Helge Hamre
16:30 «tjuvstart» på lokalpolitisk netteverk med 3 parallelle sesjonar, som blir køyrde oppatt på søndag (sjå program på søndag for innhald)
18:00 slutt dag 1
19:00 middag i same m/påfølgjande sosialt samvære og kulturelle innslag
Fråsegnene må vere innlevert seinast kl 11 møtedagen. Det beste er om ein har dei klare nokre dagar før møtet, så får vi sende dei ut til møtedeltakarane i førekant.
All møteaktivitet begge dagar, lunsj og middag, blir i lokala til Molde bryggeri (sjå vedlegg i eposten).
Etter/under middagen blir det òg eit kulturelt innslag.
Søndag 23. oktober lokalpolitisk nettverk
10:00 velkomsthelsing til nye deltakarar v/leiar Helge Hamre
10:15 Venstre fra 2011 til 2013 v/generalsekretær Terje Breivik
10:30 oppstart av lokalpolitisk nettverk, med paralelle sesjonar/småkurs, som på laurdag
Kjenneteikn på eit velfungerande lokallag
Her går vi inn i dei praktiske gjeremåla i eit lokallagsstyre. Kva er leiar sine oppgåver? Korleis arbeider ein velfungerande kasserar? Når skal ein halde årsmøte?
Sigurd Heiervang og Britt Giske Andersen
Frå idè til politisk vedtak og handsaming/Tale- og debatteknikk
1.Kva metoder fungerer for å få gjennomslag i saker ein vil ha på dagsorden? Kanskje reiser du heim med ein klar idè om korleis du skal gripe an ei sak frå valprogrammet?
2.Mange føler seg usikre i forhold til å ta ordet i møta den første tida som nyvald. Korleis får vi ordet, held på det, får det att og ikkje minst; korleis ordlegg vi oss for å overtyde andre om våre fortreffelege idèar?
Ragnhild Helseth og Helge Hamre
Arbeid med budsjettet den viktigastse saka i året?
Straks etter konstitueringa må kommunestyra ta tak i saka kring neste års budsjett og økonomiplan for dei påfølgjande tre åra. Dette kan vere ei utfordring for mange å setje seg inn i, få oversikt over og kome med forslag om endringar og tillegg. Heldigvis finst det råd, både i posisjon og opposisjon!
Terje Breivik
12:00 lunsj
13:00 andre økt med paralellsesjonar/småkurs
14:30 pause
14:45 Avsluttande økt i plenum – Profilering og omdømmebygging
15:30 Heimreise