Held fram som leiar i Unge Venstre

Sveinung Rotevatn blei attvald som leiar i Unge Venstre på landsmøtet i helga. Unge Venstre diskuterte mellom anna regjeringsspørsmålet i 2013. – Eit borgarleg fleirtal skal gi ei borgarleg regjering, seier Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Rotevatn leier ein organisasjon i vekst. Antalet medlemmar i Unge Venstre er nesten dobla på eit år.

Rotevatn leier ein organisasjon i vekst. Antalet medlemmar i Unge Venstre er nesten dobla på eit år.
Foto: Daniel Rugaas

Les: Unge Venstre: Norge trenger en liberal regjering

Rotevatn leier ein organisasjon i vekst. Med Venstres valresultat på 6,3 prosent er heile 29 unge kandidatar valde inn landets kommunestyrer og fylkesting. Rotevatn held fram som UV-leiar. Med seg får han Hanne Kvilhaugsvik som 1. nestleiar og Andreas Skjæret som 2. nestleiar.

– Vi er ein organisasjon i kraftig vekst. På dette tidspunktet i fjor, hadde Unge Venstre rekordhøge 712 betalande medlemmar. No er vi 1300. Ein viktig generasjon Unge Venstre-politikarar er óg blitt Venstre-politikarar, sa leiaren til landsmøtet.

 - Det er mange grunnar til å halde fram med å jobbe. Ein av dei heiter Ola Borten Moe, seier Rotevatn.

– Det er mange grunnar til å halde fram med å jobbe. Ein av dei heiter Ola Borten Moe, seier Rotevatn.
Foto: Mathias Fischer

Større potensial
– Ved skulevalet i 2005 fekk vi 3,1 prosent. I 2007 fekk vi 5 prosent. I 2009 6 prosent. Og i år fekk vi 6,8 prosent. Men det er openbart at potensialet er endå større; vi gjer det nemleg svært godt i mange og veldig ulike fylke.

Les: Skulevalet 2011: Fjerde størst blant elevene

– Vi skal fortsette å stige også ved neste skuleval, og då handler det om å fortsette med å bygge stein på stein. For gode valresultat handlar først og fremst om god organisering, ein engasjerande bodskap, knallhard jobbing og mange, mange Unge Venstre-medlemmar over heile landet, klare til å vinne valet for Venstre.

Ny kurs i miljøpolitikken
– Det er mange grunnar til å halde fram med å jobbe. Ein av dei heiter Ola Borten Moe, og er olje- og energiminister for Senterpartiet. I førre veke, då det var kjent at det var oppdaga nye, store oljeforekomstar i Nordsjøen, vart Olje-Ola spurt om han ikkje såg nokre betenkelegheiter med å opne opp for meir oljeboring. Veit de kva han sa? Han sa «nei», han såg «absolutt ingen betenkelegheiter med å opne for meir oljeboring». Dette i ein situasjon der oljeberedskapen ikkje er i nærleiken av god nok, der verda treng alternativ til fossil energi, og der klimaendringane er meir faretruande enn nokon gong tidlegare.

Les: Leiarens tale til Unge Venstres landsmøte

– Det er heilt openbart at landet treng ein ny kurs i miljøpolitikken. Ein kurs der vi set fornybar energi framfor oljeindustri, der vi bidrar til å skape ein felles europeisk kraftmarknad, og der vi brukar dei skarpaste hovuda på å utvikle morgondagens arbeidsplassar, ikkje redde gårsdagens. Då trengs eit sterkt Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**