Bli med på lokalpolitisk nettverk på Sandane 29.okt

Sogn og Fjordane Venstre inviterer folkevalde til lokalpolitisk nettverk på Gloppen Hotell på Sandane laurdag 29. oktober kl. 10.00. Programmet for dagen vil vere ein kombinasjon av skulering frå VHO og ei fylkessamling der aktuelle lokale tema kan takast opp og der alle kan bli godt kjent med andre aktive Venstre-folk rundt om i fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Samlinga vil i hovedsak handle om det arbeidet folkevalde skal inn i, f. eks budsjettarbeid og korleis få gjennomslag og merksemd om aktuelle saker for eit lite parti i kommunestyret og fylkestinget. På Lokalpolitisk nettverk vil Venstre sine folkevalde få opplæring i folkevaldarbeid på Venstre-måten.
Venstre-folkevalde er ikkje byråkratar som forvaltar administrasjonen sine interesser, men kritiske og konstruktive ombod på vegne av sine veljarar.

Samlinga 29. oktober vil også vere nyttig for dei som ikkje vart folkevald i denne omgang, og for tillitsvalte i lokallag som er apparat rundt sine folkevalte. Dette vil verte ei nyttig og lærerik dag for både gamle og nye folkevalde. Det vil bli arrangert felles transport. Gje leiar Vigdis melding om du vil delta, og felles påmelding vil bli sendt til fylkessekretæren. Kom og bli med, for dette vert kjekt!

Delegatane på fylkesårsmøtet i Buskerud 2010
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**