Velkommen til lokalpolitisk nettverk på Gloppen Hotell

Sogn og Fjordane Venstre inviterer folkevalde til lokalpolitisk nettverk på Gloppen Hotell på Sandane laurdag 29. oktober kl. 10.00. Programmet for dagen vil vere ein kombinasjon av skulering frå VHO og ei fylkessamling der aktuelle lokale tema kan takast opp og der alle kan bli godt kjent med andre aktive Venstre-folk rundt om i fylket. Påmelding sendast på e-post til fylkessekretæren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Skoletorv KKG Ingvild Thorsvik

Dagssamlinga er gratis, men reiseutgifter må lokallaga eller deltakarane dekkje sjølv.

Samlinga vil i hovedsak handle om det arbeidet folkevalte skal inn i, f. eks budsjettarbeid og korleis få gjennomslag og merksemd om aktuelle saker for eit lite parti i kommunestyret og fylkestinget. På Lokalpolitisk nettverk vil Venstre sine folkevalte få opplæring i folkevaltarbeid på Venstre-måten.
Venstre-folkevalte er ikkje byråkratar som forvaltar administrasjonen sine interesser, men kritiske og konstruktive ombod på vegne av sine veljarar.

Samlinga 29. oktober vil også vere nyttig for dei som ikkje vart folkevalt i denne omgang, og for tillitsvalte i lokallag som er apparat rundt sine folkevalte. Dette vil verte ei nyttig og lærerik dag for både gamle og nye folkevalte.

Vi ber lokallagsleiarane sende påmeldingsliste til fylkessekretæren på e-post snarast og seinast 23. oktober.

Velkommen til skulering og Venstre-samling på Sandane!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**