Nytt info.brev og medlemsmøte i Voss Venstre

Venstregruppa i Voss har konstituert seg, forhandlingane etter valet er ferdige – og budsjettproblema ventar!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I info.brevet av 7. okt. til Venstremedlemer og -sympatisørar i Voss er det m.a. ein kort gjennomgang av valkamp, repetisjon av det gledelege valresultatet (fram frå 3 til 5 repr. i kommunestyret), gjennomgang av forhandlingar med andre parti, og litt om diskusjonen om utbygging ved jernbanestasjonen m.v..

Torstein Gunnason held fram som gruppeleiar, Knut Olav R. Nestås er varagruppeleiar. Gunnarson held også inntil vidare fram som sekretær for gruppa.

Ap, Sp og SV inviterte V og Krf. til politisk og teknisk samarbeid etter valet. Eit medlemsmøte vedtok å takka nei. Med 5 repr. i kommunestyret får V ein eigen representant i formannskap og hovudutvala. Elles har V inngått eit valteknisk samarbeid med KrF, H og Frp.

Måndag 17. okt. har Venstre nytt medlemsmøte. Her skal vi blei einige om kven som skal representera V i hovudutvala – val som skal gjerast i kommunestyret 20. okt. . Vidare blir det orientering om budsjettsituasjonen for 2012 – som er svært vanskeleg – og elles drøfting av arbeidet framover. Du er velkomen! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**