Marit Mjellem i formannskapet

Marit Mjellem blir fast medlem for Venstre i Fjaler formannskap dei komande fire åra. Det vart klart under konstitueringa av det nyvalde kommunestyret. Mjellem er 49 år gammal og arbeider som sjukepleiar i den kommunale pleie- og omsorgstenesta. Det er også verdt å merke seg at vi finn fleire kvinner enn menn i det nye formannskapet i Fjaler!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Under konstitueringa fremja Venstre eiga liste til formannskapsvalet. Marit Mjellem vart vald som fast medlem med Hogne Kvangarsnes og Johnny Haugsbakk som 1. og 2. vara.

I tillegg til Marit er det nye formannskapet samansett av Arve Helle, Anette Trå og Nina Yndestad frå Ap, Hans Stav (Krf), Marita Solheim (H) og Kjetil Felde (Sp). Høgre og Senterpartiet stilte eigne lister, mens det vart stilt fellesliste frå Ap, Krf og SV. Dermed er det klart at SV — som i utgangspunktet ikkje ynskte noko representasjon i formannskapet — har fått 4. varaplass på fellesliste med Ap og Krf.

Arve Helle vart som venta attvald som ordførar. Han fekk 16 røyster, mens 7 røyster frå Venstre og Sp var blanke. Marita Solheim frå Høgre vart vald til ny varaordførar etter Ainor Fristad. Også her blei røystetalet 16 mot 7 blanke frå Venstre og Sp.

Som fast medlem av den kommunale valnemnda vart Johnny Haugsbakk vald frå Venstre – med Hogne Kvangarsnes som vara. Val av kontrollutval og administrasjonsutval vart utsett til neste møtet i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**