Venstres ordførere 2011-2015

Da Venstres medlemsmagasin Liberal gikk i trykk, var sju Venstre-ordførere klare. Vi har snakket med alle.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Les hele utgaven av Liberal her, eller last den ned som pdf.

Hans Antonsen

Hans Antonsen

Hans Antonsen

Kommune: Grimstad
Fylke: Aust-Agder
Folketall: 20975
Areal: 304 km2
Venstreoppslutning: 20,0 (+3,8)
Ordfører siden: 2007

Hvorfor vant du valget? Hvilke faktorer gjorde Venstre til vinner i din kommune?
Jeg tror folk er rimelig godt fornøyd med måten Grimstad utvikler seg på. Folk har tillit til oss — mange har vist meg stor tillit gjennom valget, og tydeligvis vært av den oppfatning at jeg og Venstre er et bra valg også de neste 4 årene. Vi har en stor og sterk Venstre-gruppe; 6 stykker som er flinke og godt markerte i offentligheten. Grimstad-folk lever godt med Venstre-politikk. Det er åpenbart mange velgere som egentlig tilhører andre partier, men som slutter opp om Venstre: Vi får flest slengere, og gir flest slengere. Og det er klart at det er en tillitserklæring når jeg får klart flest personstemmer. Noen ville forklare ordførervalget i 2007 med tilfeldigheter, men når vi gjentar et brakvalg og øker med 4 prosent, så er det en ønsket løsning av mange.

Hvem er du og hvordan har du etablert deg?
Jeg har vært ordfører de siste 4 årene, og før det ledet jeg mitt eget selskap Ordkraft, som driver med strategisk kommunikasjon. Jeg var informasjonssjef i Ericsson i omstillingsperioden fra 2000 til 2003. I alle disse årene var jeg nok ganske markert. I Venstre-sammenheng har jeg blant annet bakgrunn som generalsekretær i VHO og statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet i Bondevik I-regjeringen.

Hvilke planer har du — hva vil du gjøre med ordførerposisjonen?
Vi skal fortsette med å bygge en av de aller mest attraktive småbyene i Norge. Vi skal ta vare på småbykvaliteten, men samtidig framstå som urbane. Vi skal ha en universitetssatsing: Grimstad er den minste universitetsbyen i Norge, og har en smekkfull campus. Vi skal utvikle et samfunn med kunnskap og kunnskapsbasert næringsliv som basis. Så har jeg et mål om å bruke 4 år på å få oppslutning om de store utfordringene: Hvordan kan kommunene løfte klimaspørsmålet bedre, og gjøre samfunnsforbedringer fra det lokale nivået?

Hvilke utfordringer har lokaldemokratiet? Hva vil du spille inn til Venstres politiske arbeid når det gjelder dette?
Vi kan arbeide med å tillate lokalnivået større frihet, men det største problemet for lokaldemokratiet er vrangforestillingen om at vi ikke har frihet i det hele tatt. Vi er ikke så bakbundne som vi gir inntrykk av. Noen må si: Slutt å klage over det som er feil, og bruk det handlingsrommet som finnes først. Så er jeg stolt av at Grimstad har vært en foregangskommune for stemmerett for 16- og 17-åringer. Det var et rent Venstre-initiativ, og har hatt stor suksess. Det er nå 3 representanter under 20 år i kommunestyret. Utvidelse av demokratiet er et viktig Venstre-ærend!

Runar Bålsrud

Runar Bålsrud

Runar Bålsrud

Kommune: Hurdal
Fylke: Akershus
Folketall: 2651
Areal: 285 km2
Venstreoppslutning: 32,8 (+16,1)
Ordfører siden: 2007

Hvorfor vant du valget? Hvilke faktorer gjorde Venstre til vinner i din kommune?
Jeg og Venstre vant på å være samlende i bygda. Jeg var en samlende person, og vi gav et samlende inntrykk. Hurdal har hatt en del intern strid i flere år, det har vært konflikter og utskiftinger av rådmenn. Det er slutt på det nå. Kommunen går i riktig retning, vi har kontroll på økonomien — og folk ser det. Så tror jeg også at det skyldes at jeg er en person som i årtier har drevet frivillig arbeid i bygda. Det er ikke slik at jeg skal hoppe inn og ta meg et verv, jeg har resultater å vise til, og er troverdig. Det er viktig for folk. Dessuten har vi den desidert beste lista med kompetente folk fra begge kjønn, alle deler av bygda, og med bred yrkes- og alderssammensetning.

Hvem er du og hvordan har du etablert deg?
Av yrke er jeg offiser i Forsvaret. Den frivillige aktiviteten jeg har drevet med er idrettsrelatert.

Hvilke planer har du — hva vil du gjøre med ordførerposisjonen?
Det er to kjempesaker som står foran oss. Det første er å bygge en ny 1-10-skole, og å legge ned 3 skoler. Det er et stort prosjekt for ei lita bygd. Så er det å få på plass samhandlingsreformen og å få løst de utfordringene på en smidig måte.

Hvilke utfordringer har lokaldemokratiet? Hva vil du spille inn til Venstres politiske arbeid når det gjelder dette?
Den store utfordringen for lokaldemokratiet handler om vitalisering, engasjement og å få folk til å bry seg. Da kan man ikke sentralstyre for mye, da må lokaldemokratiet gis handlekraft og bygdene få utvikle seg sjøl. Flest mulig beslutninger må tas lokalt. Jeg tror det er nødvendig for å få dynamikken som trengs for å få rekruttert de vi ønsker inn i politiske verv — det vil si de som er best egnet. Og så tror jeg det er en utfordring at vi begynner å ha det for godt. Da vil man heller bruke tid på underholdning enn på demokrati.

Olav Kasland

Olav Kasland

Olav Kasland

Kommune:
Fylke: Telemark
Folketal: 5630
Areal: 263 km2
Venstreoppslutning: 37,0 (+22,3)
Ordførar sidan: 2011

Kvifor vann du valet? Kva faktorar gjorde Venstre til vinnar i din kommune?
Det er samansette grunnar til det. Vi hadde ei veldig god liste av folk. Dei siste 4 åra har vi drive målbevisst opposisjonspolitikk, godt planlagt, heile vegen. Og vi hadde ein nøye planlagd og gjennomført valkamp. Planane vart lagt førre sommar, og allereie i oktober hadde vi lista ferdig, slik at namna fekk etablert seg hjå veljarane. Vi hadde ein tydeleg ordførarkandidat frå starten av. Og så hadde det styrande partiet store problem med seg sjølve. Vi såg at det kunne gå vegen i sommar, men det var ikkje før 14 dagar før valet at det vart tydeleg gjennom ei meiningsmåling som gav oss eit ekstra løft.

Kven er du og korleis har du etablert deg?
Eg vaks opp i Bø, flytta ut etter vidaregåande, og flytta tilbake med familie etter arbeid i Osloområdet og i utlandet. Eg har drive med interessepolitikk, vore generalsekretær i Mental Helse, etablert Nav-kontor og vore regiondirektør i Forbrukerrådet. Alle desse jobbane har vore profilerte, så eg har gjort meg gjenkjenneleg før politikken.

Kva planar har du — kva vil du gjere med ordførarposisjonen?
Vi har fått ei samarbeidserklæring med H, Krf og SV som gjev oss eit godt utgangspunkt med god representasjon. Mellom anna leiar vi alle utvala. Eg har mål om meir openheit i politikken, om å revitalisere lokaldemokratiet i kommunen og om å inkludere større deler av samfunnet i politikken, anten det gjeld næringsliv eller frivillige organisasjonar. Vi skal også bygge ein ny, stor sjukeheim — det blir eit stort prosjekt. Og vi har lova å prioritere skulen.

Kva utfordringar har lokaldemokratiet? Kva vil du spele inn til Venstres politiske arbeid når det gjeld dette?
For det første: Vi må ha makt og myndigheit og økonomi til å gjennomføre. Det står utfordringar i kø, men åket ved å bli sentralstyrt er for stort, og slingringsmonnet for lokalpolitikken er for lite. Alle budsjett er bundne opp. Til dømes kan dette betrast ved å opne for det gamle Venstre-standpunktet om friare lokalt skattøyre.

Gro Skartveit

Gro Skartveit

Gro Skartveit

Kommune: Finnøy
Fylke: Rogaland
Folketal: 2942
Areal: 104 km2
Venstreoppslutning: 18,5 (+13,6)
Ordførar sidan: 2011

Kvifor vann du valet? Kva faktorar gjorde Venstre til vinnar i din kommune?
Det eine er at mange ville ha meg til ordførar, eg fekk slengstemmer frå 10 prosent av veljarane. Det andre er at vi er det einaste partiet som har køyrt på helse- og sosialspørsmål. Vi skal mellom anna få eit nytt, eige utval for oppvekst og levekår. Eg har truverde på dette, og har vore oppteken av det i mange år. Vidare har vi hatt ein aktiv valkamp: Finnøy har 16 bebudde øyer, og vi har drive øyhopping frå debatt til debatt og stand til stand. Siste veka før valet sende vi ut ein ekstra flyer med spørsmål om kven folk ville ha som ordførar. Eg trudde jo aldri det ville skje, men eg køyrde ordførarløpet heile valkampen og omtalte meg sjølv som ordførarkandidat frå dag ein.

Kven er du og korleis har du etablert deg?
Eg har vore politisk aktiv lenge, og har bakgrunn både frå Stavanger bystyre og frå fylkestinget i Rogaland. Det har gjeve eit viktig kontaktnettverk. Så sit eg i styret i Helse Vest og har vore profilert gjennom ulike leiarjobbar, mellom anna i bymisjon og rusomsorg.

Kva planar har du — kva vil du gjere med ordførarposisjonen?
Finnøy er ein distriktskommune. Det vil bli min jobb å synleggjere dei utfordringane vi har opp mot ulike sentrale styresmakter, mellom anna når det gjeld samferdsel, hurtigbåt, ferjetilbod og nyinvesteringar. Og eg skal følgje opp det vi snakka om under valkampen, som mykje handla om verdiar. Eg vil løfte fram eit gammalt Venstreslagord: Meir til dei som treng det mest.

Kva utfordringar har lokaldemokratiet? Kva vil du spele inn til Venstres politiske arbeid når det gjeld dette?
Vi må vere meir opptekne av korleis vi skal løyse oppgåvene, ikkje berre av kor grensene for kommunane skal gå. Og det er viktig, særleg for små kommunar, at vi kjem i dialog der ein spør kva som er behovet, heller enn å slå det fast for kvar og ein. Dette er også ei intern utfordring i Venstre: Dei tema ein diskuterer må gjenspegle heile landet. Det lokale engasjementet avhenger av det.

Ingebjørg Winjum

Ingebjørg Winjum

Ingebjørg Winjum

Kommune: Granvin
Fylke: Hordaland
Folketal: 938
Areal: 213 km2
Venstreoppslutning: 34,9 (+27,4)
Ordførar sidan: 2011

Kvifor vann du valet? Kva faktorar gjorde Venstre til vinnar i din kommune?
Ein viktig faktor var mastesaka i Hardanger, som dei fleste truleg har høyrt om. Venstre viste stor motstand i dette spørsmålet. Saka gjorde at Ap ikkje stilte liste, og då var 6 av 13 kommunestyreplassar opne til fordeling på fire andre parti. Vi hadde vore tydelege heile tida, dei andre partia vart nok knytt til regjeringa. Men eg trur uansett vi hadde gjort eit veldig godt val! Vi hadde rekna med eitt eller to nye mandat, men fekk fire. Folk ville at eg skulle bli ordførar. Det var ein faktor i seg sjølv. Eg fekk mange personlege stemmer og slengarar, og folk synest det var kjekt å kunne få kvinneleg ordførar — når det no er nær 40 år sidan sist.

Kven er du og korleis har du etablert deg?
Eg er innflyttar, opprinneleg frå Sogn, og har vore bonde i Granvin i mange år. Eg er utdanna sosionom og har arbeidd i kommunen. Eg har også 3 periodar i kommunestyret og 1 periode i fylkestinget bak meg.

Kva planar har du — kva vil du gjere med ordførarposisjonen?
Granvin har ein sunn, men trong økonomi. Vi ligg midt mellom alle kommunar med store kraftinntekter, men har ikkje noko sjøve. Samstundes ligg vi nokså sentralt til med berre få kilometer til Voss og kort tid frå Bergen. Vi må utnytte dette betre, blant anna med ulike bustadstiltak. Så god økonomistyring og fokus på folketalsutvikling er stikkord.

Kva utfordringar har lokaldemokratiet? Kva vil du spele inn til Venstres politiske arbeid når det gjeld dette?
Dette må eg seie som tidlegare tilsett i kommunen: Det er heilt vanvittig kor mykje staten skal vite om alt mogeleg. Kommunalt tilsette får ikkje tid til arbeidet sitt, fordi ein skal stille opp på det eine og rapportere om det andre — i tillegg til den ordinære rapporteringa. Vi er i ferd med å få eit skjult, nytt embedsvelde gjennom rapporteringskrav og andre krav. Venstre sitt fokus på byråkrati blant lærarar er rett, men det er ikkje berre der problemet finst!

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Kommune: Eid
Fylke: Sogn og Fjordane
Folketal: 5928
Areal: 469 km2
Venstreoppslutning: 44,0 (+31,9)
Ordførar sidan: 2011

Kvifor vann du valet? Kva faktorar gjorde Venstre til vinnar i din kommune?
Først og fremst stod vi for fornying. Vi var offensive og ville noko med politikken i Eid. Vi var klare på næringsutvikling og at vi ville ha fart på dette, vi var tidleg ute og markerte oss i skulepolitikken, og vi ville ha fart på det regionale samarbeidet og debatten om kommunesamanslåingar. Så er det eit bakteppe med sjukehussaka, som vi var tydelege på heile vegen. I tillegg hadde vi ein svært flink lokallagsleiar og vi gjorde eit utruleg godt organisatorisk arbeid. Vi hadde den lengste lista av alle, og mange aktive. 15-20 stykk var aktive heile valkampen og vi var sjeldan færre enn 10 på stand. Det gjev inntrykk i lokalmiljøet.

Kven er du og korleis har du etablert deg?
Eg har dei siste 4 åra vore dagleg leiar for eit næringsutviklingsselskap i Nordfjordregionen, Måløy Vekst. Det har gjeve eit godt utgangspunkt, ikkje minst fordi miljø- og kunnskapsbasert næringsutvikling er sentralt i vår politikk også. Frå 1991 til 2007 budde eg utanfor kommunen, mellom anna som politisk rådgjevar i Bondevik I, Bondevik II og på Stortinget.

Kva planar har du — kva vil du gjere med ordførarposisjonen?
Det er 3 områder som stikk seg ut. Eg vil ta på alvor det vi sa i valkampen, og prioritere skulen først i budsjetta. Så vil eg vere mykje meir aktiv på næringsutvikling og få fart på nyetableringane. Til slutt skal vi gå i bresjen for regionalt samarbeid i Nordfjord.

Kva utfordringar har lokaldemokratiet? Kva vil du spele inn til Venstres politiske arbeid når det gjeld dette?
Alt handlar om at vi må ha reell makt på kommunivået, og reell moglegheit til å utføre ting. Kommunane må ha større slagkraft, fleire oppgåver, og kunne vere motorar i bustads- og arbeidmarknadsregionane. For å få fart i lokaldemokratiet må vi ha kommunar som kan ta tak. Eg vil også nevne at like kjekt som eit godt valresultat, er det at vi auka valoppslutninga frå 64 til 71 prosent. Det er fordi vi har hatt skikkelege politiske debattar som gjer folk engasjert. Det er alle sitt ansvar å få det til.

Jørn Nordmeland

Jørn Nordmeland
Foto: Pernille Ødegaard

Jørn Nordmeland

Kommune: Osen
Fylke: Sør-Trøndelag
Folketall: 1032
Areal: 387 km2
Valgt inn på fellesliste V/Krf: 31,9
Ordfører siden: 2007 (for SV inntil 2011)

Hvorfor vant du valget? Hvilke faktorer gjorde Venstre til vinner i din kommune?
Dette er nok veldig personavhengig. Vi fikk til ei god liste, og det var viktig. Jeg har vært ordfører en periode allerede, men da på direktevalg. Jeg tror tilgjengelighet og velgerkontakt har vært viktig, men det er få saker som har vært utslagsgivende i vår valgkamp.

Hvem er du og hvordan har du etablert deg?
Jeg har vært med i politikken ei stund, først som vararepresentant til kommunestyret, deretter som fast representant fra 03-07, før jeg ble ordfører i 2007. Til en viss grad har jeg vært kjent utenfor politikken gjennom lag og foreninger, og som selvstendig næringsdrivende i kommunen.

Hvilke planer har du — hva vil du gjøre med ordførerposisjonen?
Nå har vi et bedre utgangspunkt for å få gjennomslag. Jeg ble sittende i mindretall som direktevalgt ordfører i forrige periode. Nå har vi etablert et solid flertall med andre partier. Neste periode blir det mye arbeid blant annet med næringsutvikling og infrastruktur.

Hvilke utfordringer har lokaldemokratiet? Hva vil du spille inn til Venstres politiske arbeid når det gjelder dette?
Nå har jeg prøvd å være både direktevalgt ordfører, og å bli valgt som resultat av en ordinær valgkamp. For meg er den direktevalgte metoden uten tvil mest demokratisk. Uten tvil er det den som fører til mest engasjement blant velgerne. Det ordinære kommunestyrevalget gir en helt annen slagkraft for ordføreren, men interessen svekkes. Det vil jeg håpe Venstre tar med seg videre.

NB! Etter at Liberal gikk i trykken ble det også klart at John Paulsby blir ny ordfører i Tydal (fellesliste) og Guttorm Nergård ny ordfører i Berg i Troms (fellesliste). Vi kommer tilbake med intervju med dem senere!

av Kjartan Almenning ([email protected])

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**