TAKK TIL VELJARANE
Luster Venstre vil takka alle Venstre-veljarar for stemma ved valet.
Me er audmjuke for tilliten de har gjeve oss som vart valde inn i Luster kommunestyre, og samtidig medverka til den auka oppslutninga som til slutt førte til at Venstre har fått fast plass i formannskapet igjen etter 20 år utanfor.
Lokalpartiet vil vidareføra arbeidsinnsatsen i komande periode særleg i dei sakene som me føler dei andre partia sviktar. Mellom anna ha auka fokus på miljø og trivsel i heile kommunen, ta vare på naturkvalitetane for dei komande generasjonane ved å hindre dei mest konfliktfulle kraftutbyggingane, ta vare på kulturskattane våre som lokalhistorie og kulturminne, og støtte opp om det verdifulle frivillige arbeidet.
Saman med dei andre partia vil me også arbeide for gode tenestetilbod innanfor barnehage, skule, helse og omsorg. Vårt politiske arbeid gjere me naturlegvis i dialog med våre medlemar, men me ønskjer også at du som veljar og innbyggjar tek kontakt med oss og kjem med synspunkt på saker du er oppteken av. Då hjelper du oss med å gjera vårt motto om «Folk først» til handling ved at omsynet til den enkelte og framtida bestemmer våre prioriteringar.
Følg med oss og still oss til ansvar for våre prioriteringar også ved neste val !
Du finn oss også på nettet: https://www.venstre.no/sognogfjordane/luster
Jon Ove Lomheim
– leiar for Luster Venstre-