Venstre vil gje ungdom meir makt

Jon Ove Lomheim (V), meiner den aktive og oppegåande ungdomen som sit i Ungdomens kommunestyre bør takast meir på alvor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Då kommunestyret var samla til det nest siste møtet var årsmeldinga til Ungdomen sitt kommunestyre første sak på dagsorden.

Den fekk dei vaksne politikarane til å henta fram dei aller beste superlativa om den oppveksande generasjon. Både i høve til årsmeldinga, men også engasjementet hjå dei unge før valet og den rekordstore oppslutnaden under valet. Over 82 prosent av 16- og 17-åringane i Luster gjekk til valurnene den 12. september, noko som sende kommunen til topps på landsstatistikken for prøvekommunar.At me har dyktige ungdomar fekk me ikkje minst erfara under paneldebatten dei arrangerte på Hafslo, sa Lomheim og lanserte eit tilleggsframlegg frå Venstre, Senterpartiet og Høgre.

Der oppmodar dei ungdomens kommunestyre å gjera ein gjennomgang av eige reglement og eventuelt koma med endringar av dette. Områda val, representasjon og arbeidsområde bør vur­derast spesielt med eit mål om å tillegga Ungdommen sitt kommunestyre eit forvaltaransvar om dette er ønskjeleg.

Samde
Lomheim hadde ikkje problem med å få dei andre partia til å slutta opp om framlegget

Resten av artikkelen finn du på SognAvis: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5750608.ece

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**