Forhandlingane i Ål pr. 26. september

Etter det andre møtet i forhandlingane etter kommunevalet, er det semje om ordførar og leiar-verva. Protokollen ser slik ut:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det er semje mellom forhandlingsutvala om følgjande:

Ordførar: Ivar Brevik (Sp)
Varaordførar: Torill Helling Bergaplass (H)
Det er dissens om varaordførarvalet.

STNR: leiar: Jan Idar Dalseide (H)
Nestleiar: Lise Løvdokken (Ap)

SUOK: leiar: Birger Jorde (KrF)
Nestleiar: Ellen Oppsato Mikkelrud (V)

SHS: leiar: Sissel Urke (V)
Nestleiar: Knut Oleivsgard (Sp)

Det er og semje om at:
* Ap får eitt medlem i næringsstyret og Ål kommune sin representant til styret i Hallingdal Renovasjon IKS.
* SV får eitt medlem frå kommunestyret (Hallvard Ingjerd) som medlem i kontrollutvalet.
* Venstre får leiaren i kontrollutvalet (Edvin Ræstad).
* FrP får eitt medlem i SHS frå KrF (Ida Marie Holen).
* SV får eitt medlem i SHS frå Ap
__________________________________________________

I tillegg ser det ut til at formannskapet vert samansett slik:
Ivar Brevik (Sp)
Magny Reinton Folkedal (Sp)
Harald Varlid (Ap)
Solveig Vestenfor (Ap)
Torill Helling Bergaplass (H)
Ole Tor Oleivsgard (Krf)
Ove Bråten ( V)
Dette medfører at ingen av leiarane eller nestleiarane i sektorutvala sit i formannskapet.
Den endelege fordelinga på sektorutvala er ikkje gjort. Sp og Ap (unnateke SHS) krev 2 medlemmer i kvart sektorutval. Ap og KrF sørger for at alle parti vert representert i sektorutval i den kommande perioden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**