6 varaordførarar og 75 kommunestyrerepresentantar!

Venstre har gjort eit godt val i Møre og Romsdal. Oppslutninga på fylkestingsvalet er på høgd med nivået Møre og Romsdal Venstre hadde på 80-talet. I 6 kommunar har vi fått varaordføraren, og i Vestnes forhandlar dei enno om ordførarvervet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


– Venstre har gjort eit veldig godt val i Møre og Romsdal, seier fylkesleiar Helge Hamre. Vi har auka til 7,5% oppslutnad på fylket, fått 4 i fylkestinget og på toppen av det heile fått varaordføraren.

Oppslutninga er den høgaste sidan 1987, då MR Venstre oppnådde 7,6%, og gjer Møre og Romsdal Venstre til fylkeslaget med best prosentvis oppslutning.

Dei fire som vart innvalde i fylkestinget er:
Gunn Berit Gjerde – fylkes-varaordførar (Hareid)
Iver Nordseth (Smøla)
Pål Farstad (Kristiansund)
Frøydis Austigard (Molde)

I kommunevalet har vi auka representasjonen med 8, slik at vi no er tilsaman 75 Venstre-folk i kommynestyra rundt om i fylket. I seks kommunar har vi fått varaordføraren. Desse er:

Molde: Frøydis Austigard
Skodje: Kari Grindvik
Eide: Thor Dyrhaug
Sandøy: Eva Kristin Fjørtoft
Smøla: Tove Norøm Rokstad
Ørskog: Ragnar Bakken

Sjå elles desse lenkjene:

http://nrk.no/valg2011/valgresultat/Parti/parti/v/

http://snl.no/fylke/Prosentandel_av_stemmetall_og_mandater_ved_fylkestingsvalgene_1975%E2%80%932007#menuitem15

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7791843

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**