Vinje Venstre og Kristeleg folkeparti støtta Arne Vinje som ordfører dei neste fire åra

Ordførar, varaordførar og plassar i hovudkomiteane, Formannsskap, Plan- og miljøutval og Oppvekst- og velferdsutva, var tema då representantar frå SV, SP, Kr.f og V møttest torsdag 22. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Oscar Johan Garnes

Dei to kommunestyrerepresentantane for Venstre og Kristelig folkeparti, Oscar Johan Garnes (biletet) og Ole Dalen, møtte saman med med sine varamenn til kommunestyret, Børge Skårdal og Margit Auran, og var samde om å framstå samla i tingingane som venta.
Saman med SV og SP utgjer desse to partia eit fleirtal på 13 i kommunestyret, og kunne altså avgjerde ordførarvalet seg i mellom.

Før møtet på torsdag, var det knytt spenning til korleis desse fire parti greide å løyse ordførarkabalen, ein posisjon både SP og SV hadde lyst på. I denne «firergruppa» vart det difor mest interessant kvar Kr.f og Venstre kom til å lande i dette spørsmålet.
Dei to partia flagga nokså tidleg si støtte til Arne Vinje som ordførar og Jon Rikard Kleven som varaordførar. Dermed fylgde SP sine representantar på med si støtte til den modellen.

Etter at dette var på plass, starta diskusjonen om hovudutvalsplassane. Venstre enda etterkvart opp med medlem i både Plan- og miljøutvlat og Oppvekst- og velferdsutvalet. Kristeleg folkeparti fekk på si side plass i formannsskapet. Båe ser på dette som særs god uttelling.

På møtet vart det og uttrykt ønske om at dei fire parti skal ha eit samarbeid i komande periode, med mellom anna førebuande møter til kommunestyremøta, utan at dette samarbeidet bind partia i enkeltsaker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**