Vi nemnte noen politiske saksfelt i møtet, og kjem med grundigare utdjuping her:
Kultur
I Arendal bystyre har det vore stor avstand mellom Venstre og Frp i kulturpolitikken. Venstre har tatt initiativet til Arendals medlemsskap i Sørnorsk filmsenter, mot Frps stemmer. Vi har sørga for at fleirtalet kvart år har avvist Frp-forslag om å fjerne støtta til Bomuldsfabriken, vi har foreslått og fått fleirtal for å etablere Musikkens hule (foreløpig på vent fordi det var for dårleg bygg på Stinta skole), vi har gått inn for å auke støtta til arrangementskontoret i kommunen (Bakgården med mykje anna godt), vi har støtta Canal Street, Hovefestivalen, Kjæmpestaden, kunstisbanen og elitesatsinga i ØIF Arendal. Frp har stemt mot alt dette, til dels med sterke og nedlatande ord om kulturarbeidet. Venstre og Frp har stått saman om støtte til barne- og ungdomstiltak, særleg idretten.
Miljø
Venstre tok initiativ til "Reklame nei takk-merket" alle kan ha på postkassa si. Vi tok initiativet til deltaking i Earth Hour og for at alle som vil bygge dei mest miljøvennlege husa (såkalla passivhusstandard) skal få 50% rabatt på byggesaksgebyret. Vi har støtta ordninga med klima-ambassadør, samarbeid med vennskapsbyen Mwanza i Tanzania om høgst nødvendig rydding i forureining, og vi har støtta tilsvarande i Rezekne i Latvia. Vi har ikkje opplevd støtte frå Frp i noe av dette, berre til dels hånande ord om "påståtte klimaendringer" og Frp-forslag om å fjerne både klimaambassadør og miljørådgivar. Venstre er også opptatt av å ta vare på strandsonen, ha respekt for biologisk mangfald og jordvern.
Innvandring og integrering
Venstre ser Arendal som ein rik del av verda som skal stille opp etter beste evne for å hjelpe asylsøkarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar og gi dei best mogleg nystart i livet her hos oss. Frp er sterkt skeptiske til ikkje-vestlege innvandrarar. Venstre ønsker å støtte og styrke FN-byen Arendal, mens FrP i kommuneplanutvalet foreslo å stryke FN-byen alle stader den er nemnt.
Barbu
Venstre vil ha meir park i Barbu, Frp har konsekvent stemt for tyngste utbyggingsforslag. Venstre vil bygge på begge sider av Skytebaneveien for å få fleire leiligheiter og folk nær sentrum, utan å bygge ned Barbu. Frp har ikkje støtta dette, berre gått inn for høge og kompakte blokker i Barbubukt.
Samferdsel
Venstre har foreslått gratis buss Krøgenes-Nedenes morgon og ettermiddag. Ingen respons frå Frp. Venstre har kjempa for trygg E18 Tvedestrand-Arendal i mange år, og innsett at vi berre får det til med delfinansiering med bompengar. Frp har sagt nei til bompengar. Den nye E18 Kristiansand-Grimstad blei vedtatt av Venstres samferdsleminister som OPS-prosjekt. Dei første to åra med ny veg har det vore berre to ulykker, mot 28 ulykker og mange av dei svært alvorlege ulykker dei to siste åra med gamal veg. Venstre godtar bompengar for å berge liv. Frp har avvist bompengar, heilt fram til torsdag ettermiddag denne veka. Venstre har også foreslått kystjernbanelinje langs ny E18, men blei ståande heilt aleine i bystyret.
Nesten på linje?
Venstre og Frp stilte felles forslag om å vurdere private og frivillige organisasjonar i omsorgstenestene. Venstre la mest vekt på frivillige humanitære organisasjonar, Frp på private firma. Men vi samla oss i eit konstruktivt forslag som fekk fleirtal. Lokalt står vi saman om å ta vare på sjukehuset og politiet. Men vi må minne om at Frp på Stortinget (også tidlegare stortingsrepresentant Torbjørn Andersen, Aust-Agder) stemte for at sjukehusa skulle flyttast frå fylka til staten, og for at Arendal politidistrikt skulle leggast ned og bli underlagt Kristiansand.
Forpliktande samarbeid?
Venstre fekk hyggeleg innbyding til samtale ETTER at Høgre, Frp og Krf hadde vedtatt samarbeid seg i mellom. Venstre snakka politikk. Da Krf-delegasjonen spurte om vi ville bli meir positive med varaordførar frå KrF enn frå Frp sa vi at vi kunne tenke på det. Men Ingebjørg Godskesen i Frp avviste totalt at partiet ville gi frå seg varaordførar. Vi sa at Anders Kylland er den beste Frp har, og at vi utelukkande såg på politisk avstand og ikkje hadde noe negativt å seie om han som person. Vi ga han velfortjent pen omtale både i samtalemøtet, og før og etterpå. Vidare sa vi at både veljarane og Venstre ser på Einar Halvorsen som den heilt sjølvsagte og naturlege ordførar. I samtalane truga ikkje Venstre med noe som helst, slik Godskesen hevdar i eit avisinnlegg. Tvert i mot: dei andre som var tilstades i møtet vil kunne stadfeste at Venstre lova å vere konstruktive i opposisjon, og at både Høgre og Krf takka for det.
Utan spor av Frp-politikk
Torsdag ettermiddag fekk vi sjå samarbeidsplattformen dei tre partia har forhandla seg fram til. I den plattformen er det mykje godt. Vi skal gjerne samarbeide og gjerne kome i både fleirtal og mindretal. Men det må vere mogleg å kjenne igjen politikken før og etter eit val. Vi meiner vi skal ha dei same ideal og dei same politiske grunnverdiar i opposisjon og i posisjon. Dei som har stemt på Frp bør ta fram Frp-programmet (og det Frp har stemt for i alle år i mindretal) og samanlikne med det Frp har svelga av enorme kamelar etter valet. I opposisjon var Frp mot kulturhuset, mot Bomuldsfabriken, mot eigedomsskatt, mot bompengar, mot klimapolitikken, mot Venstres forslag om vidareutdanning for lærarar, for å redusere kulturbudsjettet og for å kutte 35 millionar i administrasjonen på rådhuset. Vi som forhandla på vegner av Venstre hadde ikkje fantasi nok til å forestille oss at Frp i posisjon er FOR bompengar, FOR eigedomsskatt, FOR Bomuldsfabriken, FOR klimapartnarsamarbeidet, FOR pengar til vidareutdanning av lærarar, FOR kulturhuset og ikkje seier noe som helst om å kutte i det før valet for Frp så heilt unødvendige byråkratiet i rådhuset.
Pål Koren Pedersen og Jan Kløvstad,
som møtte for Arendal Venstre i samtalar med det nye bystyrefleirtalet