Takk til Venstre-veljarane!

– Mange takk til alle dei som støtta opp om Venstre og brukte Venstre-lista ved årets kommuneval. Rett nok registrerer vi ein tilbakegang på 2% i høve til valresultatet for fire år sidan. Men 172 røyster, 12,5% og 3 mandat er likevel eit godt utgangspunkt for å kunne markere Venstre på ein positiv måte både i formannskap og kommunestyre, seier 1. kandidat Hogne Kvangarsnes som får meg seg Marit Mjellem og Johnny Haugsbakk i den nye kommunestyregruppa. På varalista finn vi Arne Osland, Anne Erstad, Laila Svorstøl, Gudmund Solheim, Frank Igelkjøn og Yngve Åsnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kvangarsnes meiner tilbakegangen for Venstre har to hovudårsaker.
– Den sittande ordføraren er for tida ein populær politikarar i Fjaler, og har nærast «støvsuga» dei andre partia for ledige stemmer. Unntaket er Sp som fekk tilbakegangen for 4 år sidan. Det er såleis berre å gratulere Arve Helle med eit godt val for Arbeidarpartiet. Samstundes må vi kunne glede oss over det beste Venstre-valet på landsbasis sidan 1971 med ein oppslutnad på 6,3%

Stor takk til Gudmund Solheim

Gudmund Solheim

Foto: HK

– Den andre årsaka kan vere at vi gjekk til val med ny første-kandidat. Gudmund Solheim er godt kjend i kommunen, nyt stor tillit blant veljarane, og har gjort gode val for Venstre både i 2003 og 2007. Men framfor årets val gjorde Gudmund det heilt klart at han ynskte å trappe ned det politiske engasjementet, seier Kvangarsnes som gjerne vil takke Solheim for eit solid arbeid i kommunestyre og formannskap dei siste 12 åra.

Ap gjekk til Høgre

Etter valer gjekk Ap og ordførar Helle rake vegen til Høgre for å få til eit formalisert samarbeid. Kvangarsnes er ikkje overraska.
– Det har lege i korta det siste året. Helle kunne ikkje lenger basere seg på vidare Sp-støtte og måtte finne fram til ein ny konstellasjon.

Passivt SV

– Etter det eg kjenner til, vart også SV, med sin eine representant, invitert til samarbeid med Ap og Høgre. Dette ville ha skaffa SV fast plass i formannskapet, men partiet sa nei. SV kunne også fått formannskapsplass gjennom eit valteknisk samarbeid med Sp og Krf. Også dette sa SV nei til — samtidig som dei heller ikkje ville støtte Krf og deira eine representant Hans Stav til plass i formannskapet. Dermed måtte Krf i staden ta imot tilbodet om hjelp frå Ap for å nå formannskapet, seier Kvangarsnes .
Det ser dermed ut at til at Ap får 3, mens Høgre, Venstre, Sp og Krf får eit medlem kvar i det nye formannskapet. Arve Helle held fram som ordførar og Marita Solheim frå Høgre vert ny varaordførar. Konstituerande møte er fastsett til måndag 3. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**