Lokal matkultur og omdømmebygging

I referatet frå paneldebatten på Bygland står det å lese i Setesdølen 9. september at eg kritiserte matkulturen ved Brygga på Bygland og Ose Turistheim.
Med rette har eg fått mange undrande reaksjonar på dette, og vil difor nytte høvet til å korrigere og presisere utsagnet mitt, skriv Torhild Austad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Torhild Austad, Julia Stray og Odd Einar Dørum på Ose Turistheim

Torhild Austad, Julia Stray og Odd Einar Dørum på Ose Turistheim
Foto: Jan Kløvstad

Hovudpoenget mitt var at leigeavtalane mellom kommunen og desse to serveringsstadane bør handsamast politisk, dvs.i kommunestyret. Det føreligg eit forslag til avtale med Ose Turistheim med så dårlege vilkår at det mest truleg vil føre til «kroken på døra» for leigetakarane om ein del av desse krava skulle bli ståande. Ose Turistheim er i kommunal eige, og drifta bør vere i tråd med politikarane sine intensjonar i tidlegare kommunestyrevedtak.
Matkulturen på turistheimen blei ikkje nemnt i denne samanhengen, men eg nyttar her gjerne høvet til å gje ein stor honnør til Signe og Julia — og medhjelparane deira for miljøet dei skaper nettopp gjennom matkulturen. Menyen dei presenterer, er i tråd med lokale mattradisjonar, og maten er i stor grad tilreidd med kortreiste ingrediensar — populært både for bygdefolk og turistar!!

Kritikken min retta seg mot Brygga på Bygland, som inneverande sesong har tilbydd gjestene ein meny totalt utan lokalt preg — og med uklare opningstider. Snadderloff og pizza gjer nytten og er heilt greitt på ein bensinstasjon. På ein serveringstad med kommunen som eigar, burde eit av føremåla vere å trekke til seg gjester som gjennom ei særprega smaksoppleving i eit vakkert naturlandskap får lyst til å kome tilbake. Det er denne kombinasjonen kresne turistar av i dag etterspør, og som kommunen gjennom politiske føringar kan vere med å fremme.
Dei beste minna frå eit regnfullt møte med Bygland i sommar vil eg tru at knyttar seg til dei nysteikte vaflane hos Inger Tone!!

Omdømmebygging er aktuelt i politiske kretsar no om dagen. Kvifor ikkje la lokal matkultur vere eit satsingsområde for kommunen vår — gjerne med Ose Turistheim som føredøme.

Torhild Austad, Bygland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**