Landskonferansen 2011

Landskonferansen er ein møtestad for alle medlemmer i Venstre. Her vil valet oppsummerast og planar leggast for 2013, både organisatorisk og politisk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Kandidater til valg 2011, Venstre logo

Foto: Steinar Haugsvær

Venstres Hovudorganisasjon inviterar til landskonferanse med tema: Venstre fram mot 2013. På konferansen skal vi samle lokale erfaringar frå valet i 2011 og diskutere mål, strategi og tiltak fram mot valet i 2013 – lokalt og nasjonalt. Programmet legg også opp til å involvere medlemmene i dei pågåande politiske prosessane i partiet: Velferdspolitisk dokument som skal handsamast på LM2012, og stortingsvalprogrammet som skal handsamast på LM2013.

Landskonferansen er eit årleg høve for alle Venstrefolk til å møtast til fagleg og sosialt opplegg, og er ein viktig arena for skolering fram mot valet i 2013. Her blir det høve til å møte både Venstres eigne toppolitikarar og eksterne innleiarar. Alle folkevalde, tillitsvalde og medlemmer er velkomne til å delta.

For oppdatert program følg med på https://www.venstre.no/landskonferanse

Påmelding, trykk her.

Pris vert som i fjor: Overnatting 1000,-. Middag laurdag 500,-. Dagpakkar 350,- per stk.

Konferansen vert arrangert same helg som landsstyremøtet (7.-8. oktober).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**