– KrF og Venstre i Voss vraka dei raudgrøne

Venstres gruppeleiar i kommunestyret, Torstein Gunnarson, vart intervjua i «Hordaland» for 20.sept. . Saka dreier seg om kvifor KrF og Venstre har takka nei til eit politisk, forpliktande samarbeid med dei raudgrøne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I intervjuet trekkjer Gunnarson m.a. fram omsynet til valvinnaren Høgre. Gunnarson seier følgjande til «Hordaland»: «Løysinga vil skyva valvinnaren Høgre ut på sidelina( ) No får formannskapet og dei andre utvala i staden 5-4 fordeling, i pakt med valresultatet.» Gunnarson meiner opplegget også vil gi Venstre eit større handlingsrom og også mulighet fror eit nært sentrumssamarbeid med KrF.

Standpunktet om å gå i drøftingar med Krf, H og Frp om eit valteknisk samarbeid blei vedtatt på eit møte der styret, den nye kommunestyregruppa og dei fleste varar. var til stades Det var deretter kontakt med medlemene gjennom E-post, der det ikkje kom negative tilbakemeldingar.

I pressemeldinga sendt "Hordaland ", heitte det m. a:
“Kristeleg Folkeparti og Venstre er blitt samde med Høgre og Framstegspartiet om eit valteknisk samarbeid i Voss. H, KrF og Frp vil utgjera ei gruppe ved val til formannskap, utval for levekår, utval for miljø og kultur og utval for næring og tiltak, mens Venstre har sine eigne representantar. Dermed får desse partia 4 representantar til saman i kvart av desse utvala, mens Ap, Sp og SV får 5. KrF og V meiner dette vil gi ei riktigare avspegling av valresultatet enn om KrF og V skulle inngå i eit samarbeid med dei raudgrøne. Dei raudgrøne ønskte også at samarbeidet skulle omfatta ei felles politisk plattform.” Ved val til andre utval vil eit valteknisk samarbeid mellom alle 4; H, V, Krf og Frp vera aktuelt.

Dei raudgrøne har også fått pressemeldinga, med tilhøyrande brev der det også heiter:
( ) “Men uavhengig av dette, ser vi fram til godt tverrpolitisk samarbeid om dei mange viktige oppgåver som vi lokalpolitikarar må løysa til beste for Vossasamfunnet! ”

Me har vurdert eit valteknisk og politisk samarbeid med Ap. Men me vart overraska over at Ap, Sp og Sv så raskt søkte saman. Sp og SV hadde jo – inntil stemmene var talde opp – utelukka eit samarbeid med kvarandre om val av ordførar og varaordførar m.v..

Me trur elles at det valde opplegget vil kunna medføra meir aktive drøftingar i kommunestyre og utval – der dette eigentleg skal skje – og dermed også kunna gi større politisk interesse i bygda.
Torstein Gunnarson (gruppeleiar) og Knut Olav Røssland Nestås (lagsleiar)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**