Godt val for Midsund Venstre

Med tre representantar i det nye kommunestyret gjorde Venstre eit godt val i Midsund. Bjørn Wang, Frits Inge Godø og Johan Oppen er Venstre si gruppe i dei fire neste åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det var stor usikkerheit rundt valet i Midsund i år. Framstegspartiet stilte liste for første gong på to tiår, medan Tverrpolitisk Liste og Arbeidarpartiet ikkje stilte til val. Midsund var ein av få kommunar der landets største parti ikkje stilte liste. Det var ikkje utan vidare enkelt å tippe kva parti som ville få Ap- og Tvp-veljarane, det var også spennande å sjå kor stor oppslutnad Frp kunne få. Frp hadde stor oppslutnad i Midsund ved siste stortingsval.

I tillegg hadde vi den noko spesielle situasjonen at ingen av dei to største partia i det gamle kommunestyret, Høgre og Sp, stilte med ordførarkandidat. Ville dei tape stemmer på dette, i tilfelle kor mange og til kven? Det var med andre ord lagt opp til ein thriller.

No veit vi resultatet: Frp og Høgre har fleirtal med 5+4=9 av 17 representantar, Venstre, Sp og Krf fekk 3, 3 og 2 representantar. Venstre fekk tredje mest stemmer, det må vi vere godt nøgde med etter å ha vore minst i dei fleste kommunestyra i nyare tid. I skrivande stund (19.9) tyder det meste på at Einar Øien frå Frp får ordførarposisjonen med støtte frå Høgre. Tida framover vil vise korleis andre postar, som varaordførar og plassane i formannskap og andre utval, blir fordelte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**