70 år sidan jødestjerna

I dag, 19. september, er det 70 år sidan jødane i Tyskland blei tvungne til å bære den såkalte jødestjerna, skriv fylkessekretær Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I dag, 19. september, er det 70 år siden jødane i Tyskland blei tvungne til å bære den såkalte jødestjerna. Slik blei ei heil folkegruppe stempla og gjort til syndebukkar. Vi veit kva dette førte til, både i Tyskland og her i landet der mange jødar blei fengsla og sendte til tyske konsentrasjonsleirar. Dei fleste av dei, vaksne som barn til ein grufull og sikker død. «.
La oss sette oss ned og tenke gjennom kva denne mistenkeleggjeringa og diskrimineringa av eit heilt folk førte til.
Den tidlegare danske overrabinar Bent Melchior seier:
"Den såkaldte jødestjerne cementerede et af de alvorligste elementer i fremmedhadet, nemlig generaliseringen. Man satte simpelthen et mærke på alle for at fortælle omverdenen, at alle i den gruppe havde samme negative egenskaber. Desværre er det i høj grad aktuelt i dagens situation."

La oss sjå kvart enkelt menneske, la oss aldri dele inn folk etter grupper basert på religion, rase eller andre kriterier. Nå, 70 år etter at jødestjerna blei påbode, er det framleis grunn til å stoppe opp og tenke etter. Vi skal sjå kritisk på språket vi brukar. Vi skal vise respekt for kvart enkelt menneske.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Jan Kløvstad, fylkessekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**