Valkamp, val og forhandlingar – oppsummering og tankar – av leiar Råmund Nyhammer

Kommunevalet 2011 er over og det er tid for ei oppsummering/evaluering frå mi side.
Balestrand Venstre (BV) har fått mange gode tilbakemeldingar vdr. valprogrammet. Frisk layout og oversiktleg innhald. Særleg hyggeleg er det å ha fått positive kommentarar frå unge som har likt bodskapen vår til førstegongsveljarane. Takk til alle som har jobba med programmet og ekstra stor takk til Per Henning som har sydd det heile i hop!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Valkamp2011

Foto: Ramund Nyhammer

Det var ei glede å jobbe med valkampen. Personleg har eg ikkje opplevd så stor entusiasme og velvilje frå BV-arane nokon gong. Mange stilte på standane og andre arrangement. Tusen takk for innsatsen! Eg kan heller ikkje hugse at Venstre tidlegare har hatt ein aktiv deltakande ungdomskandidat i valkampen. Hanna har gjennom sitt bidrag gitt oss tru på framtida. Samarbeidet mellom partia har vore god i valkampen. Det er ein person som særskilt skal ha æra for det; Ap sin leiar, Tage Sandvoll. Det er han som i hovudsak har drege lasset når det gjeld planlegging og organisering av felles stand, ungdomssamling og paneldebatt. Så fortener KrF ros for sin ide om felles utkøyring av valmateriell. Bra for miljøet, bra for samarbeidsklimaet mellom partia og godt motteke av husstandane. Denne ordninga bør vidareførast.

Valresultatet for BV stod ikkje heilt i stil med innsatsen i valkapen. Med tanke på at SV igjen stilte til val var vi førebudde på å miste eitt mandat, men tilbakegangen i stemmer var for stor. Eg greier ikkje heilt å analysere årsaka, men det er i alle fall ein ting eg ikkje vil skulde på og det er arbeidet kommunestyregruppa har gjort i perioden. Sjølv har eg ikkje dårleg samvit for mitt bidrag i utval for plan og utvikling. Britt har gjort ein svært solid jobb i formannskapet og det same gjeld Kari Tordis i utval for oppvekst og omsorg. Saman i kommunestyret har vi vore godt førebudde, vore aktive og konstruktive. No som Britt og Kari Tordis er heilt eller delvis ute av dei lokalpolitiske fora nyttar eg høve til å gi desse ein kjempeklem for innsatsen.

Etter eit val er det forhandlingar med andre parti om posisjonar og såleis muligheit for politisk påverknad dei neste 4 åra. Denne gongen sat BV som joker; eit ansvar vi tok på høgste alvor. Ein del ønskjer å gjere desse forhandlingane til kun eit spørsmål om ordførarvervet. Dette er feil, men la meg dvele litt ved dette momentet likevel. Eg vil tru ein må leite lenge for å finne venstrefolk i Balestrand som meiner at sittande ordførar har gjort ein direkte dårleg jobb. Personleg vurderer eg Einar Målsnes som ein ordførar som har vore oppteken av Balestrand sitt beste og open for innspel og forslag som fremjar utvikling i kommunen. Ingen kan heller nekte på at han personleg har gjort eit godt val.

Men forhandlingar handlar om mykje meir enn ordførarvervet. Det er berre å gå tilbake til tidlegare val for å finne bevis for det. Politikk — også lokalpolitikk — handlar om vilje til å påverke samfunnsutviklinga. Skal ein ha muligheit til det må ein ha posisjonar. Ap og Sp gav oss det absolutte beste tilbodet her. Kven ville med vårt utgangspunkt ha takka nei til plass i formannskap og begge utvala? Ap/Sp har også vore eksemplarisk ryddige i forhandlingsprosessen og gjeve oss tid og rom til internt å komme fram til ein konklusjon. Dette og det at Venstre har hatt ein god dialog med Ap og Sp gjennom perioden — ikkje minst i samband med folkevald arbeidsdag — har, trass usemje i einskildsaker, bygd opp gjensidig tillit og respekt.

Ap/Sp har etter valet stilt Harald Offerdal (Ap) som ordførarkandidat. Venstre har tillit til at Harald vil gjere ein god jobb som ordførar i Balestrand. Han er ryddig, har eit stort nettverk , store kunnskapar og erfaring frå organisasjonsleiing. Vi har også inntrykk av at Harald går inn i dette vervet med eit oppriktig ynskje om å utrette noko for Balestrand og ikkje berre for å pynte på eigen eller partiet sin CV. Vi i Venstre er innstilt på å gje han nødvendig tid til å skaffe seg oversikt og bli fortruleg med rolla si. Terningkast skal vi gi han om 4 år.
Venstre har gått inn i eit valteknisk samarbeid med Ap og Sp. Personleg ser eg det likevel som naturleg at dei tre partia samtalar om tunge politiske saker som vil ha betydelege konsekvensar for kommunen. Døme her kan vere kommuneøkonomien og samhandlingsreforma. Noko altomfattane politisk samarbeid er uaktuelt. Det ville ha vore i strid med våre idear om eit levande lokaldemokrati. Det er lite spennande å vere lokalpolitikar dersom sakene er avgjort før dei kjem til formannskap og kommunestyre. Venstre ynskjer så langt som mogeleg å kunne ta stilling til saker på eit uavhengig grunnlag og å finne gode løysingar i samarbeid med andre parti uavhengig av partinamn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**