På konferansen skal vi samle lokale erfaringar frå valet i 2011 og diskutere mål , strategi og tiltak fram mot valet i 2013 – lokalt og nasjonalt. Alle folkevalde, tillitsvalde og medlemmer er velkomne til å delta.
Landskonferansen er eit årleg høve for alle Venstrefolk til å møtast til fagleg og sosialt opplegg, og er ein viktig arena for skolering fram mot valet i 2013. Her blir det høve til å møte både Venstres eigne toppolitikarar og eksterne innleiarar frå kultur og akademia.
Tid: Laurdag 8. og søndag 9. oktober 2011
Stad: Thon Hotell Opera, Oslo
Program for dagane finn du her og elektronisk påmeldingsskjema vil bli lagt ut på denne sida så snart det er klart.