Venstre om sal eller bruk av forkjøpsretten til aksjane i Fjord1

Fylkesbåtane har eksistert i fylket i 150 år. Selskapet har utvikla seg med folket og dets virke i fylket, og vore kontakten ut av fylket, på sjø og land, helt fram til i dag. Dei fleste av oss har hatt med selskapet å gjere. Det har vore ein del av vår identitet. Dette viser også oppslutninga om for eksempel flaggsaka rundt omkring i fylket. Fylkestingrepresentant Klaus Iversen hadde følgjande innlegg i fylkestinget:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Klaus Iversen

Klaus Iversen

Selskapet har også vore, er, og vil framleis vere, ein stor og god arbeidsplass for mange. Fjord 1 har bidrege til kontakt og aktivitet som en viktig grunnpilar for næringsutviklinga i fylket. Selskapet har også tilført fylket mange kompetansearbeidsplassar, som det er viktig å halde fast på.
Fjord 1 har levert gode rekneskap opp gjennom dei fleste år og bygt seg sakte, men sikkert opp til å bli eitt av de 3-4 største transportselskapa i landet. Fjord 1 har over mange år gitt viktige bidrag til fylket sine rekneskap og budsjett til vegar, skular, og næringsutvikling.

Så vil nokon seie og legge vekt på: Båtrutene og arbeidsplassane vil ikkje forsvinne om fylkeskommunen sel seg ut, helt eller delvis. Tilsette må i det vesentlige framleis komme fra fylket, uansett eigarskap. Transportvirksomheita, med ferjer og ekspressbåtar, må fortsatt gå i eller frå fylket. Ein reduserer risikobiletet ved ikkje å vere i bransjen, som er sterkt konkurranseutsett gjennom anbodsordninga. Hertil vil SFF sleppe habilitetskonfliktar når dei med dominerande eigarposisjon samstundes skal utøve forvaltningsmynde i fylket.

Sjlv om eg har sans for fleire av desse synspunkta, er det likevel viktig å framheve: Frå rekneskapet 2010, som er offentleg, har selskapet ein bokført eigenkapital på kr. 1.168 mill. Vidare er resultatet før skatt kr. 268 mill. Dette representerer ein viktig indikasjon på at selskapets reelle verdi er ein del større enn dei bokførte verdiar. Dette gjeld særleg når ein kan bli 100 % eigar av selskapet. Selskapet har faktisk dobla seg i bokført verdi dei siste ti åra.

I sin alminneligheit vil ein ofte få ein betydeleg betre pris på majoritetsaksjsr enn minioritetsaksjsr. Havila AS betalsr difor til MRF høgst sannsynleg ein betydeleg lågare pris pr. aksje enn kva Havila AS ville måtte betalt om dei fekk majoritetsaksjar.

Vi er som fleirtalet einige i at Havila AS synes å vere eit godt selskap som kan tilføre Fjord 1 vidare bransjekunnskap m.v. om selskapet får kjøpe 41 % av aksjane. Sogn og Fjordane fylkeskommune bør imidlertid likevel bruke forkjøpsretten. Fylkeskommunen får då full kontroll på heile selskapet.
Det forslaget som AP, SP og SV går for, dvs. status Quo ( Fylkeskommunen beheld 59 % og nyttar ikkje forkjøpsretten mot avtala mellom Havila og MRF), har mellom anna følgjande uheldige konsekvenser:

1. Ved berre å akseptere at Havila kjem inn med 41 %, har ein ingen aksjonæravtale eller opsjonsavtalar mellom H og SFF.

2. Videre: Aksjonæravtalen mellom SFF og MRF fell bort, og det er ingen avtalar mellom partane om oppkapitalisering av Fjord 1 for å møte store investeringar til å betene for eksempel ferjekonsesjonar i Troms.

3. SFF vil i praksis difor få nær opp til 100 % av risikoeksponering m.h.t. kapitaltilførsel og ansvar for forretningsførselen, sjølv om eigadelen berre er 59 %.

4. Status Quo gir ikkje likviditet inn til SFF, dvs. ingen kapitaltilførsel. Det gir heller ingen likviditetstilførsel til Fjord 1.

5. SFF vil miste meriverdien på aksjane ved sal av majoritetsaksjar (aksjane fra 59-100 %) samanlikna med sal av minioritetsaksjar. Dette er betydeleg mange millionar kroner for eit så stort selskap. Fylket og fylkets innbyggjarar vil tape på dette.

6. SFF vil vere i ein betydeleg meir pressa situasjon om dei seinare må inn i forhandlingar med ein privat aksjonær som allereie har 41 % , dvs. med såkalla "negativt fleirtal" (minst 34 %) og forkjøpsrett etter Aksjeloven, for å skaffe ny kapital.

Om ein nyttar forkjøpsretten no har SFF full fridom og kontroll både over vedtekter og administrasjonsstad. Og igjen: SFF vil kunne bestemme om sal er ønskjeleg på kort el. lang sikt, når dei eventuelt vil selge, kor mykje som skal seljast, og til kven.

I dag er val av administrasjonsstad, dvs. Florø, nedfelt i aksjonæravtalen med fylkeskommunene. Når MRF har selt seg ut, er dette ikkje heimla nokon stad for framtida. Med eit vanleg fleirtal på generalforsamlinga kan imt. SFF med 59 % fatte vedtak om fortsatt administrasjonsstad i Florø, men får ikkje noko vedtektmessig vern for dette. Det har heller ingen heimel i ein aksjonæravtale med Havila AS, då dette ikkje eksisterer under denne forutsetning. Dette bør vere klart for dei som ønskjer å verne om arbeidsplassar og kompetanse, – i selskapet og i fylket.

Innlegg frå:
Klaus Iversen
Fylkestingsrepresentant for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**