På landsbasis er dette det beste valet for Venstre på 40 år. Venstre fekk 6,3 prosents oppslutning på landsbasis.
I vårt fylke har vi 5 blant topp 20 Venstrekommunar:.
1. Eid: 44%
8. Askvoll: 24,3%
10. Vik: 22,5%
15. Hornindal: 18,8%
19. Leikanger: 18,4%
Oversikt over tal kommunestyrerepresentantar, (tal repr. inneverande periode i parantes)
1. Askvoll 5 (0)
2. Aurland 2 (1)
3. Balestrand 2 (-1)
4. Bremanger 2 (1)
5. Eid 13 (10)
6. Fjaler 3 (-1)
7. Flora 5 (0)
8. Førde 2 (0)
9. Gaular 1 (1)
10. Gloppen 2 (1)
11. Gulen 3 (0)
12. Hornindal 3 (-1)
13. Høyanger 0 (0) Stilte ikkje liste i 2007
14. Jølster 4 (0)
15. Leikanger 3 (0)
16. Luster 2 (0)
17. Lærdal 2 (1)
18. Naustdal 2 (2) Stilte ikkje liste i 2007
19. Selje 0 (0) Stilte ikkje liste i 2007
20. Sogndal 2 (1)
21. Stryn 2 (1)
22. Vik 4 (2)
23. Vågsøy 4 (0)
Eid Venstre gjorde eit brakval! Alfred Bjørlo vert den nye ordføraren, og Venstre vil også få varaordførarvervet etter det fantastiske valresultatet med 13 kommunestyrerepresentantar.
To av dei nystarta lokallaga, Høyanger og Selje, kom ikkje inn med representantar, men har gjort eit godt val og blitt lagt merke til.