– Valresultatet i Sund viser eit klart borgarleg fleirtal, seier Kleppe. – No må me respektera veljarane sin dom og finna saman på borgarleg side.
Den såkalla «storkoalisjonen» i Sund har gjort eit forsøk på å finna eit anna fleirtal i kommunen. Venstre deltok ikkje i denne koalisjonen, og har heile tida vore klar på målet om eit borgarleg samarbeid.
Karsten Kleppe er glad for at ordførar Ove Trellevik (H) allereie valnatta ga uttrykk for at han ønskja å samarbeida med sentrumspartia. Det er uaktuelt for Venstre å inngå eit forpliktande samarbeid med Arbeidarpartiet, seier Kleppe, som no tar fatt på sin første periode som folkevald.