Takk for tilliten!

Sund Venstre endte på 4,8% og sikra med det plassen i kommunestyret.Vår nye kommunestyrerepresentant vart Karsten Kleppe, som vart kryssa opp frå 3.plass.
Vi er veldig takksamme for alle som har stemt på oss ved årets val og gitt oss vårt heilt eige mandat i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Mandag kveld vart det klart at Sund Venstre hadde fått innbyggarane sitt mandat til å være med i kommunestyre i 4 nye år. 4,8% var fram 2,1% frå 2007 og eit resultat vi er veldig nøgde med.

Tysdag morgon var det klart at det er Karsten Kleppe som skal være vår representant, opp frå 3.plassen på lista med 32 kryss og 25 slengarar.

-Eg gledar meg til å ta fatt på oppgåva! Eg lovar at eg skal stå på, seier Karsten Kleppe.

Elizabeth Toft Erichsen som har vore Sund Venstre sin representant i inneverande periode vert no 1.vara, 1.kandidat Ronald Slettebakken vert 2.vara, Ellen Pedersen kryssa og slang seg inn på 3.vara plass, medan Pia Kleppe Marken vart 4.vara.

Som ein kuriositet kan det vel nemnast at kun 2 av namna på lista stod på same plass etter valet som når lista vart vald 😉

No gjenstår det å sjå kva posisjonar vi kan få i eventuelle samarbeid. Dette kjem vi attende til når det er klart.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**