Kommunevalet 2011: Nye varafolk og ny periode for Henry Jøsokbakke

Kommunevalet førte til at Herøy Venstre fekk nye varafolk, medan Henry Jøsokbakke fekk ei ny periode, som lokallaget sin representant i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kandidatkåring:

Henry Jøsokbakke 23.50 i røystetillegg + 37 kumuleringar + 81 slengarar = 141.50 poeng og valgt til kommunestyret.

varafolk:
1. Marthe Knivsflå Toft 17 kum + 13 sleng = 30 poeng
2. Magnar Storøy 15 kum + 13 sleng =28 poeng
3. Solveig Katrin Dahlstrøm 15 kum + 12 sleng = 27 poeng
4. Dagrun Wiik Gjerde 8 kum + 13 sleng = 21 poeng.

Dei andre:
Fredrik Aasmo 9 kum + 5 sleng= 14 poeng
Fredrik Chr. Baade 5 kum + 5 sleng= 10 poeng
Kurt Dahlstrøm 4 kum + 5 sleng= 9 poeng.

I går var det forhandlingar om formannsskapet. Resultatet derifrå er ikkje kjendt i skrivande stund.

Tre av fire varafolk er frå Tjørvåg. Det er ein krins som fekk god uttelling med tre i kommunestyret og sju varafolk. Dei tre faste representantane er alle frå Høgre. Tjørvåg var med dette nest best etter Bergsøya og så vidt før Leine, som fekk ein vararep mindre. Det kan tyde på, at tjørvågarane var flinkare i år enn tidlegare til å kumulere, og til å gje slengarar til krinsen sine eigne kandidatar i alle parti.

Herøy Venstre takkar veljarane for tilliten, som gjer at lokallaget vert representert i kommunestyret dei neste fire åra også.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**