Det vert Oscar Johan Garnes som skal representere Vinje Venstre saman med «valkampgeneral» Børge Skårdal, som første varamann. Ragni Tvitekkja frå Rauland, har gledeleg rykka opp og blitt andre vara. Hallbjørg Strøm er 3. vara med Heidi Charlott Hegg som 4. vara. Vi gratulerer dei fem og Vinje Venstre med valet!
Vinje Venstre fekk plass i kommunestyret
Etter 3 periodar utan representasjon i kommunestyret, fekk Vinje Venstre endeleg dei 62 stemmene som skulle til for å bli representert dei komande fire åra.