Godt val for Giske Venstre!

Ved kommunestyrevalet i Giske har Venstre auka frå tre til fire mandat i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Etter ei særs spanande valvake, der alle partia var representerte, måtte ein grunna sentrale dataproblemer rusle seg heim med uavklart sak seint natt til tirsdag. Gleda var stor då ein tirsdag morgon etter finteljing kunne konkludere med at ein hadde fått inn 4 mandat.

Giske Venstre fekk 15,22 % av stemmene i Giske, ein framgang på 1,7% frå førre kommunestyreval.

F.v: Ove Paulsen, Ole Furnes, Britt Giske Andersen, Runa Godø Sæther, Anne-Lise Roald

Foto: Ove Paulsen

– Vi er godt nøgde med resultatet, seier Anne-Lise Roald. Vi har fått god oppslutnad på alle øyane, og mange har gitt oss “slengarar” frå andre lister. Vi har fått inn fire røynde kandidatar og er budde på å gjere ein solid innsats for Giske kommune. I tillegg kan vi gle oss over at Venstre har gjort eit godt val på landsbasis, og at Gunn Berit Gjerde frå Venstre blir fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal.

Dei som er inne som faste representantar er:

Anne-Lise Roald

Anne-Lise Roald
Foto: Ove Paulsen

Runa Godø Sæther

Runa Godø Sæther
Foto: Ove Paulsen

Ove Paulsen

Ove Paulsen
Foto: Britt Dagny Nikolaisen

Britt Giske Andersen

Britt Giske Andersen
Foto: Ove Paulsen

Vara:
Førstevara: Ole Furnes
Andrevara: Jan Ove Skodje

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**