Dette understrekar Venstre sin ordførakandidat i Voss; Torstein Gunnarson, i eit lesarinnlegg i lokalavisa «Hordaland» tirsdag 6. sept. Vidare heiter det:
I Voss synest både innbyggjarar og kommunepolitikarar å vera stort sett samde om dei viktigaste oppgåvene for kommunen framover; næringsutvikling/arbeidsplassar, bustadtomter/ fleire innbyggjarar, eldreomsorg osb. dvs. om nestan alt unntatt om Raundalsvassdraget framleis skal vera verna. Men samstundes opplever mange stor avstand, ja uttrykkjer til dels mistillit, til oss politikarar, og til administrasjonen. Og mange meiner politikarane har vore for "lite på banen" siste åra.
Venstre ser det som ei stor utfordring for det nye kommunestyret å velja arbeidsmåtar som gjer at denne avstanden minkar, og at politikararane i langt større grad styrer utviklinga.
Det inneber m.a. at politikarane må koma tidleg inn i prioriteringa av kva saker som skal behandlast, og stadig haldast à jour f.eks. gjennom notat om aktuelle saker og status i høve til vedtak. Behandling og vedtak må skje i "opne rom" slik at det blir lettare for innbyggjarane å få innsikt i og kunna engasjera seg i utviklinga av Voss. Politikarar og kommune må syta for å få likeverdig informasjon frå utbyggjarselskap/ulike "drivkrefter", og frå dei berørte. I juni gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for mange konkrete tiltak.
Kommunestyremedlemene har mykje kunnskap. Denne ressursen bør nyttast betre. Venstre går slik inn for at både fleirtals- og mindretalsgrupperinga skal vera med i leiinga av utval.Siste periodane har den raudgrøne gruppa tatt både leiar- og nestleiarverva. Kommunestyre og utval må i langt større grad bli ein "politisk verkstad" – og der samarbeid er eit nøkkelord. Alle gruppeleiarane dvs. ikkje berre i fleirtalsgrupperinga – bør samlast regelmessig til informasjon og drøfting av aktuelle oppgåver. TG