Voss treng ein aktiv etableringspolitikk!

Voss treng ein aktiv etableringspolitikk for privatpersonar og næringsliv, og me i Venstre ynskjer å utfordra dei andre partia til å vera med å gjera jobben. Bygda treng det, og innbyggarane fortener det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Mange stadar i landet slit med fråflytting, Voss kan derimot skilta med at folk vil flytta til bygda. Seinast i førre veke snakka eg med vossingar som ville flytta heim igjen. På ei visning møtte eg fleire frå andre stadar som ville flytta til Voss.

Det er berre eit par hinder på vegen: kjøp av brukt, fast eigedom er vanskeleg grunna høg etterspurnad, ei mangelfull tilbodsside og fylgjeleg galopperande bustadprisar. Problem nummer to oppstår i ei litt anna form for problemstilling: vil du kjøpa nybygg? Eksempelvis ein sentrumsnær einebustad som er ferdigstilt?
Synd. Dei er det få av.

hus

Foto: h

Situasjonen skremmer bustadkjøparar i kommunen, men eg går utifrå den ikkje er mindre skremmande for eventuelle tilflyttarar. Skjer dette fordi marknaden er prega av spekulasjon, sleipe aktørar og/eller grådige seljarar? Nei. På ingen måte. Fyrst og fremst handlar dette om politikk. Eller sagt på ein annan måte: mangelen på politikk.

Bygda treng ei heilskapleg løysing innan etableringspolitikken, som gjer det lettare for folk å finna seg ein plass å bu. I neste fireårsperiode ynskjer me i Venstre å vera ei vaktbikkje for å sikra at fokuset på m. a bustadbygging og ein opnare arealpolitikk vert gjennomført. Arbeidet lyt vera tydeleg, føreseieleg og me politikarar lyt visa handlekraft i prosessar som gjev bygda sårt tiltrengde tomter og bustadar.

Voss treng ein aktiv etableringspolitikk, og me i Venstre ynskjer å utfordra dei andre partia til å vera med å gjera jobben. Bygda treng det, og innbyggarane fortener det.

Stem Venstre!

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Godt val – hugs å nytta stemmeretten din i morgon. Stemmeretten er demokratiets grunnpilar!

Liberal helsing

Knut Olav Nestås

Leiar Voss Venstre og 2. kandidat

Lesarinnlegget sto på trykk i avisa «Hordaland», 10. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**