Venstre sin appell under paneldebatten mellom ordførarkandidatane i Radio Luster 10.9.2011

Luster Venstre vil slå ring om folkestyret – difor må alle bruka stemmeretten ! Det er ekte Venstre-tradisjon å oppfordra til å delta i arbeid med politiske
saker !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


APPELL 10.09.2011

Luster Venstre vil slå ring om folkestyret – difor må alle bruka stemmeretten ! Det er ekte Venstre-tradisjon å oppfordra til å delta i arbeid med politiske
saker !
Venstre har vist at det går an å berga Engjadalsfossen – no vil me bruka same glød og framgangsmåte for å berga Håvardsfossen i Vigdøla og vestsideelvane i Jostedalen.

Venstre satsar på trivsel og engasjement for å skapa gode nærmiljø og aktive organisasjonar og økonomien her må vera forutsigbar.
Luster Venstre har vore garantisten for å gje fleire kroner til lag og frivillige organisasjonar som betyr mykje for tilbakeflytting og auka innflytting elles.
Me prioriterar Sogn Skisenter for vinteridrett og Luster idrettspark i Gaupne for sommaridrett.

Kommunen si viktigaste oppgåve er gode tenester for både unge og eldre. Dette gjer me bra i dag , men det kan gjerast betre. På omsorgsentera må det vera nok hovud og hender slik at dei tilsette trivst i jobben. Då gjer dei òg best jobb !

Meir lærarar og personale i barnehage er viktig, fordi det er dei som skapar og utviklar ungane si framtid. Bygningar og uteområde må ha god standard.

I våre dagar krev arbeidslivet god IT-kommunikasjon og gode vegar. Her må me vera lobbyistar opp mot fylkeskommune og stat. I den jobben betyr personane mykje.
Gründarar og næringane våre skapar arbeidsplassar, medan kommunen er tilretteleggar og samarbeidspart.
Venstre brenn for det smarte samarbeidet mellom det private og offentlege. Det gjeld både lokalt og fylkeskommunalt.

STEM VENSTRE ! ! !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**