Underteikna har den siste veka hatt eit par utspel på Facebook som har skapt litt ideologisk debatt i lokalvalkampen, og har provosert Orkdal Ap sin ordførarkandidat. Her er ei orientering om utspela og bakgrunnen for dei:
Det eine utspelet fokuserte på forskjellane i ideologi og partikulturar, og at Venstre sine representantar står fritt til å meine og stemme det dei vil i kommunestyret: «Oppfordrar ungdommen til å stemme på Orkdal Venstre sin ungdomskandidat, Hanne Kvernmo. Det er iallfall ikkje mykje vits i å stemme på ungdomskandidatar i parti som brukar pisk – dei får jo likevel ikkje gjere som ungdommen vil». Jf. hall på Follo. Frp har retningsliner som seier at representantane ofte bør stemme likt, og Frp er dei som oftast bind gruppa. Dernest er Ap det partiet som oftast har behov for å bruke «pisk» for å få representantane til å stemme «rett». Venstre har sterk tradisjon for å respektere representantane si meining, sjølv om det også kan vere ei utfordring.
Det andre utspelet kritiserte Ap/AUF sin sentrale valkampstrategi som går ut på å så tvil om andre i ungdomspartileiardebatten på NRK1: «Med kva ryggrad kan AUFs Eskil Pedersen true med at Venstre kan bringe FrP til makta, når Orkdal AP vitterleg kontaktar FrP for mogleg samarbeid???». Dette er ufint, trist og flaut i eit demokrati som bør bygge på tillit. I ein lokalvalkamp blir det dessutan usakleg i og med erfaringane i kommunane (også Orkdal) viser at både Ap og V kan samarbeide med Frp. Som eit stort parti og det desidert største ungdomspartiet burde Ap/AUF heller gå framom som gode eksempel no når vi alle snakkar om meir demokrati.
I staden for å kritisere meg for desse utsegnene, burde Ap forsvare kvifor dei gjer som dei gjer.
Godt val!
Lavrans Skuterud, 3. kandidat, Orkdal Venstre