Fridom for den enkelte og ansvar for fellesskapet er kjernen i Venstre sin ideologi. Dette inkluderer eit langsiktig ansvar for natur og miljø. Som eit parti uavhengig av særinteresser står Venstre friare enn mange andre i miljøspørsmål. I Orkdal har Venstre dei siste åra markert seg bl.a. i vern av viktige naturområde mot nedbygging, aktivt bidrag til kommunens klima- og energiplan, initiativ til strandsoneplan og utbygging av fjernvarme. Ein av våre siste sigrar er at Klima- og forurensningsdirektoratet har pålagt Elkem Thamshavn å vurdere moglegheitene for å redusere utsleppa av NOx.
Her er eit utdrag av våre framtidige ambisjonar på natur og miljø (her er det fullstendige programmet): Vi vil verne Råbygdfjæra og andre naturområde som er viktige for plante- og dyreliv, ha betre kartlegging av viktige naturområde, og forvaltingsplanar for område med trua artar. Eit sterk jordvern er sjølvsagt. Venstre vil kutte klimagassutslepp, vidareutvikle klima- og energiplanen, bygge meir miljøvennlege kommunale bygg, og ha meir fjernvarmeutbygging gjerne med fleire fornybare energikjelder. Vi vil også realisere «Orklaparken», vidareutvikle kommunen sin grønstrukturplan til å ta vare på grønstrukturen i og rundt alle kommunes tettsteder, og etablere fleire grøne buffersoner mellom industri og bustadområde (t.d. på Gjølme).
Steinbrotet på Gjølme er eit stort sår i naturen. Da planar om utviding av steinbrotet vart lagt fram i førre perioden vart Venstre sitt forslag om meir konsekvensvurdering nedstemt bl.a. av Ap. Venstre vil vere forsiktig med utvidinga av steinbrotet, i samråd med naboane.
Lavrans Skuterud, Hanne Kvernmo og Knut Bonvik, Orkdal Venstre