Kongens sølv til Kristine Foss

Kristine Foss (78) blei onsdag overrakt Kongens fortjenstmedalje i sølv

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


av ordførar i Birkenes, Arild Espegren.

Kristine Foss er heidra for mangeårig innsats for unge, familie og eldre i Birkenes kommune. Overrekkinga kom som ei overrasking på Foss på eldretreffet sist onsdag. Hun har leia desse treffa i 29 år, fortel Agderposten og Fædrelandsvennen..

Kristine Foss

Kristine Foss
Foto: henta frå Agderposten 9. september 2011

Kristine Foss flytta til Birkeland i 1965 saman med familien sin som starta og framleis driv Foss Bad. Ho har vært leiar i det daværande Husmorlaget, og hun har vore kommunestyremedlem i fire periodar i Birkenes kommunestyre frå 1971, for Venstre og Det liberale folkeparti.

I valkampar på 1980-talet hadde eg gleda av å møte Kristine Foss i debattar, Kristine for DLF og eg for Venstre. Vi skulle vel eigentleg vere motdebattantar, men det var meir enn vanskeleg å finne meiningsforskjeller oss i mellom. Kristine var også med i leiinga av DLF, og aktiv i å samle partia våre igjen i 1988.

Gratulerer med velfortent heider, Kristine!

Jan Kløvstad
fylkessekretær i Agder Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**