Finansiering er effektivisering av byråkratiet på rådhuset, pluss mindre til kultur, miljø og flyktningar. Men året etter startar Frp på nytt igjen. Dets ame også neste året. Og det blir veldig langt ned til null i eigedomsskatt når partiet heile tida flyttar tilbake til start.Nå seier partiet at dei skal ned til null eigedomsskatt på seks år, men på plakaten på standen i sentrum står det “Null eiendomsskatt” og “Nei til eiendomsskatt”. Ikkje heilt i samsvar med kva partiet har gjort i bystyresalen, dessverre.
Leiinga i Pensjonistpartiet i Arendal har tatt konsekvensen av at partiet foreslo 80 mill i eigedomsskatt i 2011-busjettet og har fjerna det gamle standpunktet om null i eigedomsskatt frå program og valbrosjyre. Det er ærleg og fortener honnør. Men så bør også fleire enn toppkandidat Jon Lindset lese programmet og bystyreforslaget i desember 2010, og fortelle potensielle veljarar om at Pensjonistpartiet har same politikk og eigedomsskatt som dei fleste andre parti.
Frp i Arendal bør lære av Frps helsebyråd i Oslo, Sylvi Listhaug,som i NRK radio sist veke fyrte av denne salven mot Aps Libe Rieber Mohn: “Korleis i all verda kan du vere truverdig om å styrke eldreomsorgen når du ikkje vil innføre eigedomsskatt?”
Venstre i Arendal likar heller ikkje eigedomsskatt. Men vi har valt å prioritere ein betre skole, meir til eldreomsorg og meir til kulturlivet enn vi kunne gjort utan eigedomsskatten. Vi synest det er eindel skeivt i dei krava til fastsetting av eigedomsskatt som staten har prakka på oss, og det vil vi arbeide for å rette opp nasjonalt.
Jan Kløvstad
gruppeleiar i bystyret for Venstre